Mardalsstøylen
Mardalsstøylen (sommarstøl) ligg ca. 630 m o.h. oppe i Jardalen på vestsida av Jardøla. Gardane Mardal (gnr. 3) og Elvebakken (gnr. 4) nytta denne stølen. I nedslagsfeltet til elva Jardøla er det mykje snødekt høgfjell slik at sommarvassføringa alltid er stor. Stølen ligg ope til med fin stølsvoll eit stykke frå elva. Fjøsane ligg på rekke øvst på tidlegare slåtteteigar. Sel (og hytter) meir spreidd på felles grunn. Alle er sett bra i stand.
Plassering i kart
TEKST
-
Mardalsstøylen med Eggene og Haugsvarden i bakgrunnen. Søreidestøylen i bakgrunnen.
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Slåttestarr.
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
På veg ned att frå støylen i slutten av september-05 Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Mardalsstøylen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.