Sidemeny+

Kvernsteinshogging i Hyllestad

Posted on 1. nov 2003 by in Arbeidsliv

Her får du litt informasjon om Kvernsteinsparken på Hyllestad. Ein rusletur der kan gje deg mangt å tenkje på samstundes som du får med ei sjeldan naturoppleving der førtidsminne er å finne under kvar mosedott og grastust, og i vest kan auga skode landemerke som Lifjellet og Alden.

Plassering i kart

Har du gått lei av tradisjonelle museum og har lyst på ein annleis historisk oppleving ?
Gjer deg då klar til ein tur til Hyllestad og spør deg så fram til kvar Kvernsteinsparken er å finne.
Dette er eit nytt område tillaga for turister der du vandrar rundt og ser restar av gamle kvernsteinar laga for meir enn 1000 år sidan. Det er vanleg at turistar sjølve tek initiativ og leiter litt under ei og anna torv. Ikkje sjeldan finn dei nye brot og steinar. Området er stort og laga til som eit vakkert turområde med gangsti. Brotområda
finn du fleire stader langs ruta. Dette er altså eit aktivt museum der det er lov å både sjå og røre.

Auka merksemd kring parken

Kvernsteinsparken er eit spesielt område av internasjonal arkeologisk interesse. Merksemda rundt staden og historia rundt vert stadig meir kjent og omtalt.

CC BY-NC 4.0 Kvernsteinshogging i Hyllestad av stian er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Stian Igland, 2004
Kjelder: Refleksjonar av Stian Igland
Kommune: Myklebust