Gravdalen

På veg ned til stølshusa i Gravdalen. Juli 2003. Foto: Petter Arnt Løvdahl
Gravdalen var sommarstøl til gardane Avdal, Hagaberg, Trondteigen og Svalheim.
Plassering i kart
Historikk
Gravdalen har fått namnet etter dei mange reinsdyrgravene i dalen.
Gravdalen var ein god og triveleg plass for buskap og folk. Dei var på stølen frå jonsok til ca. 2 veker før mikkelsmøss, då dei returnerte til Vårstølen. Sjølv om arbeidsdagane var lange, fekk dei tid til sosial omgang med stølsfolket på fardalssida. Stølen vart nytta fram til 1956, dei siste åra berre av avdalsgarden.
Nyare tid
I 20 år stod stølshusa til nedfalls. Då starta eit omstendeleg restaureringsarbeid av Årdal Turlag. Såleis er i dag to av stølshusa, avdalsselet og svalheimsselet, i god stand og tener som ubetente turisthytter.
- På veg ned til stølshusa i Gravdalen. Juli 2003. Foto: Petter Arnt Løvdahl
- Kryssing av Gravdøla. Juli 2003. Foto: Petter Arnt Løvdahl
- Stølsbøen i Gravdalen juli 2003. Foto: Petter Arnt Løvdahl
Gravdalen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.