Sidemeny+

Gloppestadstøylen

Posted on 19. nov 2003 by in Jordbruk

Foto: Svein Hjelmeset Juni -03cbn

Gloppestadstøylen med Ryssdalshornet i bakgrunnen

Namnet støyl tyder opphaveleg ein stad der buskapen stod og blei mjølka. Etter kvart blei det bygd hus både for menneske og dyr på desse plassane. Eldre folk i bygda seier framleis «Glappesta», ein talemåte som har blitt sjeldnare å høyre dei siste åra.

Plassering i kart

Gloppestadstøylen
Gloppestadstøylen ligg 500 meter over havet, nordaust for Sandane. Det er gardsnummer 65 Slagstad, to bruk, og gardsnummer 66 Gloppestad, sju bruk, som eig støylen. Rundt støylen veks det furuskog og ein del bjørkeskog. Midt på 1960-talet vart det planta gran i nokre teigar syd for støylen, eit par tiår seinare ein del gran nordaust for støylen. Støylen ligg lunt til i landskapet, tregrensa i dette området går opp til 700 m.o.h.

I dag (2004) står det seks sel, tre hytter, fem fjøsar og åtte lader på støylen, alle i god stand. På dei fleste bruk var sel og lade bygde under same tak, med ein gong imellom. Dette for å spare bygningsmasse. Støylen ligg i dag, som dei fleste støylar i området, under fefot, gjerdet rundt støylen vart ikkje halde i stand. Sauer, kyr og hestar beitar om sommaren på støylskvia. Gjerdet blei kalla vandegard, namnet kjem frå gamalnorsk vandr, vondr som tyder eine, einer, brake. Eine blei mykje brukt som vandegard fordi krøtera ikkje likte å kome i kontakt med nålene på greinene. Rundt mange støylar minka det etter kvart med eine nettopp fordi det vart nytta så mykje til gjerdemateriale. Ein vandegard blei bygd opp slik at greinene blei lagde opp på kvarandre til ei viss høgde. Dei siste åra støylen var i bruk blei det nytta nettinggjerde. Men kvar vår måtte brukarane sjå over sin del av gjerdet, dei «gjorde garden».

Ei lita grov renn over støylskvia som enkelte stader er litt myrlendt. Denne grova pleier å gå tørr om somrane. Eit versl (oppkome) i utkanten av kvia gjev då vatn til støylen.

Stølsvegen
Vegen til fjells gjekk heimanfrå, inn og oppover Haugsmarka, Austrheimsmarka til Flåtane. Så opp mellom gardane Fjellestad og Berge til Kleivane, der skisenteret er i dag. Vidare forbi Åstjørnene, då hadde ein høgda, og inn til Gloppestadstøylen. Også brukarane på Austrheim brukte denne drifteråsa på veg til støylen sin.

Fram til 1950 blei støylen driven på gamlemåten, støylsvegen var om lag sju kilometer lang. Kyrne var på støylen frå jonsok til midten av september.

Etter Den andre verdskrigen vart skogsbilvegen Engeset-Bjønndalen bygd. Denne vegen går innunder støylen, så berre omlag 500 meter det siste stykket må ein gå, men stien er god. Det gjekk mjølkerute på skogsbilvegen, så det var lettvint å få mjølka til meieriet. Denne ruta vart nedlagd på midten av 1960-talet, då det blei slutt på støylsdrifta.

Stølsdrift
Den tid det var støylsdrift blei det kvart år, i månadsskiftet juli/august, skipa til støylshelg. Då samlast alle brukarane og familiane deira ei helg på støylen til sosialt samvære. Ungdomen reiste opp laurdagskvelden, brende bål og svinga seg i dansen på støylsvollen til musikk frå sveivegrammofonen. Denne skikken heldt stand ein del år etter at støylsdrifta blei lagt ned, men kring 1980 var det også slutt på støylshelg.

Der er i dag vanskeleg å tidfeste årstalet for oppdyrking av Gloppestadstøylen. Vi veit at i 1651 vart det halde ei avtaksforretning på Gloppestad, der både fut og skrivar var oppmøtte. Brukarane hadde klaga over skylda og skattetrykket. På dette møtet kom det fram at heimebeita var små og enga var ring, og at det var lite med brennved. Det er rimeleg å tru at det var kring denne tid støylen vart ein røyndom.

I 1884 var det utskifting på støylen, før den tid var det teigblanding.

I 1971 var det utskifting av utmarka rundt støylen, også her var det teigblanding.

Ein gamal kløvsal, bygd av tre, blei funnen på gnr. 5 i 1970-åra. På denne salen står årstalet 1830. Denne kløvsalen heng i dag i Jørnselet på støylen.

I dag blir støylen brukt til rekreasjon, sommar som vinter. Om sommaren kan ein køyre nesten fram til støylen, om vinteren går ei oppkøyrd skiløype over støylskvia.

CC BY-NC 4.0 Gloppestadstøylen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Odd Gloppestad mars 2004
Kommune: 2087