Sidemeny+

Gjengedalsstøylen

Posted on 19. nov 2003 by in Jordbruk

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Gjengedalsstøylen

Gjengedalsstøylen (sommarstøl) ligg i nedre del av Storevatnet ca. 485 m o.h. Alle brukarane på gnr. 19, Gjengedal, har sin støl her bortsett frå bnr. 4 og Dalheim. Dei to siste har støl ved Dalevatnet. Stølen er romsleg med store stølsteigar som delvis er fulldyrka, og med store vidder for beite og slått. Husa er store av di familien kunne vere der store delar av sommaren med krøtterstell, støl- og utmarksslåtter. Gjengedalsstøylen er brukt i mjølkeproduksjon av dei fleste bruka.

Plassering i kart

Tilkomst
Skog- og stølsveg vart opparbeidd for ein del år sidan slik at mjølka no vert henta med tankbil. Før den nye vegen kom, var stølsturen lang og våtsam. Det var ikkje så mykje stigning innover, men det var å krysse våtmark og myrar med mindre og større elvar. I dag går det ca 5 km skogsbilveg frå Dalheim og inn til stølen. Dette er bomveg og stølen er utgangspunkt for fleire turløyper.

Bruk av stølen
På slutten av 1800-talet var det ikkje geiter på Gjengedal, men talet på storfe var vel tre gonger større enn århundret før.
Det var mykje folk på stølen om sommaren. Ein viktig grunn var dei store slåttemarkene som skulle utnyttast. Ein stadfesting av dette er rester etter mange høylader særleg langs Storevatnet og Dalevatnet. Dei hausta nok mykje på dei store myrområda kring stølen. Men i området finst smale belte med kalkskifer og breiare belte med anna fjellgrunn som gir rik plantevekst, ikkje minst innanfor Storevatnet. Dette var viktig for å ha eit stort husdyrhald. Mosedalen lenger inne har og rik beiteflora, og var frå eldre tider utleigd som okse-og hestebeite for mange Nordfjordkommunar.

Utslåttane var arbeidssame og fall vekk etter kvart. Stølsdrifta heldt likevel fram. Etter at nyvegen kom for kring 10 år sidan, vart det svært mykje enklare. Mjølka regelmessig henta med tankbil og slåtten avgrensa til dei oppdyrka stølskviene. No er stølen sentral som utgangspunkt for turar og friluftsliv. Fiske har alltid vore viktig i elvar og vatn. Jakta, både småvilt og storvilt, har og alltid vore viktig. Med alle desse utmarks- og naturgodene, vil nok Gjengedalstølen i framtida også bli viktig i samanheng med reiseliv.

Gjengedal hadde tidlegare ein støl ved indre del av Storevatnet, Haugen. Her finn vi i dag berre nokre steinrader som viser husa. Her, innanfor Storevatnet, var store vidder med rike beiter og areal for hausting av vinterfor. Men det var eit stort vatn som måtte kryssast for å få avdråtten heim. Det var sikkert grunnen til at dei flytta til nedre ende av vatnet. Her er store myrar og meir våtlendt.
Det er sagt at dei flytta stølen til nedre enden av vatnet i 1920-åra. På Kulturnett Sogn og Fjordane (Internett), finn vi ei stølsliste frå 1930. Der er stølen oppført til å vere i bruk, at dei var der først på sommaren, at mjølka ikkje vart ført heim og at dei kinna der. Etter som eldre folk seier, flytta dei gradvis framover til nystølen. Området innanfor vatnet har ein fjellgrunn som gir godt jordsmonn og gode beite. Det vert også nytta i dag til kyr som ikkje mjølkar.

På Byrkjeneset, ikkje langt frå Haugen, vart det prøvd med busetjing i 1600-1700 talet. Det var sagt at kornet ikkje kunne modnast her. Så det var å lita på dei store beite- og slåtteviddene og på fiske og fangst. Men i etterkant veit vi at klimaet vart kjøligare på denne tida. Vi fekk den «vesle istida», så det vart for tøft for desse pionerane. I dag er det vanskeleg å finne att husmurane.

Nokre fakta
Gjengedal, gard nr. 19, Hyen sokn, hadde 6 bruk i 1890. Folketalet i 1865 var 64, og hadde auka til 71 i 1900.

——————————————————————————–

Artikkelnummer:
STOL1445022

Forfattar og datering:
Torgny Ueland, 1999.

Prenta kjelder:
Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 210. Sandane 1988.

Litteratur:
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

——————————————————————————–

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no

CC BY-NC 4.0 Gjengedalsstøylen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Torgny Ueland, 1999.
Kommune: 2045