Gimmestadstøylen
Utsikt over Sørstranda og Gloppefjorden.
Gimmestadstøylen ligg i inngangen til Breidalen ca. 380 m o.h. Gardane Gimmestad (gnr. 9) og Moane (gnr. 10) nytta stølen.
Plassering i kart
Plassering av husa
Husa er plassert på ein romsleg, graskledd bakke ved Breidalselva. Denne elva munner ut i Langedalselva som igjen munner ut i Ryggelva ca 3 km før den renn ut i Gloppefjorden. Her er over 20 hus, delvis i rekker og delvis i grupper. Stølen har og både danseplatting og flaggstong som begge er i bruk ved det årlege stølsgjestebodet.
Gimmestadstøylen bestod i gamle dager av ti sel, ti kyrafjøsar og ti sauefjøsar.
(Sauefjøsane er no borte.)Dei som brukte støylen var grunneigarane på Gimmestad og i Moane. Dei hadde til saman rundt hundre storfe, og sytti sauer. Desse blei gjette kvar dag mot ulv og bjørn. Sauene gjekk høgre til fjells, medan kyrne gjekk lenger nede i liene som Breidalen, Kjørdalen og Tungelia. Stølstausene flytta ikkje opp til støylen før etter jonsok.
Før det hadde kyrne vårbeite nederst i lia, og dei vart melka i Bruafjøsane nede i Moane.
Flytting til støls
To til tre dager før stølstausene flytta til støls, måtte anbar og askar (kjøreld) settast i vatn for trutning. Den dagen stølstausene kom, vart kjørelda skura reine med einelòge (einebusker), og sett ut i sola til tørk. Var det regn måtte dei tørkast ved ovnen. Karane var med på flyttinga. Dei reiste ut i skogen og høgg og kløyvde ved, som tausene hadde til å fyre med. Dei henta også mose til å legge som bretle eller underlag i båsane. Dei laga også til «sovl» eller sopelime til tausene. Dei hadde i tillegg til dette, eit gjeremål til. Dei måtte lage ein vandegard frå støylen og bort til Liagarden. Den måtte lagast for at ikkje kyrne skulle stikke seg ned att i lia. Vandegarden vart fletta av eine og bjørkekjerr. Det vart aldri noko fast avtale kor tid dei skulle lage til vandegarden, men kom der ein mann ut på stølskvia med øks på skuldra, var det eit signal til resten av mennene at no skulle vandegarden lagast. Då kom dei yrande ut frå dei andre sela.
Plasseringa av støylen er nok ikkje tilfeldig. Det er tydeleg at dei visste kor den burde ligge. Dette vart oppdaga etter orkanen i 1992. Sela på støylen var urøyvde, innafor elva, berre hundre meter ifrå, så låg skogen rotvelta overalt.
Arbeid på støylen
Rutinane på støylen var faste : Dei budde ikkje der heile tida, men gjekk opp om kvelden og overnatta. Dei sto tidleg opp om morgonen og melka. Klokka sju skulle dei sleppe ut kyrne på beite. Så tok dei ut møkja og gjorde reint. Så bar dei melka heim til gards der den blei foredla. Stølstausene hadde ei spesiell rangordning: Dei gjekk heimatt i «gåsegang» der den som hadde gjett dagen før gjekk først, mens den som skulle gjete dagen etter, gjekk sist.
Om kvelden gjekk dei opp att på støylen. Klokka seks skulle den som gjette ha fått kyrne ned att på støylskvia, ellers blei det misnøye blant tausene som var komne oppatt. Dei hadde tre kokelag. Desse hadde ansvaret for maten på søndagen. Dei to kokelaga som hadde fri, kunne då ligge fram på.
Stølsgjestebod
Kvar sommar var det stølsgjestebod. Ein søndag ba dei opp ungar og eldre, mens ugifte og ungdom var inviterte ein annan søndag. Gutane heime på gardane hadde også eit fast arrangement på støylen som dei kalte «Stølshans». Då reiste dei gjerne inn i Langedalen og fiska med seg kre eller aure, som dei steikte til stølstausene. Dei hadde også med seg det dei kalte knøys som er småkaker eller drops til kaffien.
Heimflytting
Når tida var komen til å flytte heim, skura dei veggar og tak, og gjorde klart til at huldrene kunne flytte inn. Huldrene flytta, i følge segna, ut att julafta, slik at sela sto tome til stølstausene kom att neste år.
Heimflyttinga føregjekk på ein laurdag, og søndagen var det eigarane av bruket som hadde ansvaret for buskapen. Dei gjette då buskapen i heimlege trakter.
Gimmestadstøylen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.