Sidemeny+

Dimma, nedre

Posted on 19. nov 2003 by in Jordbruk

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Nedre Dimma ligg ved ein liten bekk. 3. juni -04.

Dimma er ein støyl for Vereide, Andenæs og Hjelmeseth. Den er delt i Øvre- og Nedre-Dimma. I Øvre-Dimma står 6 sel, 4 som tilhøyrer Hjelmeseth-bruka. På Nedre-Dimma var det i alt 13 gardar som har sel. Det var Ommedal, Føleide, Bakkelid, Bakketun, Prestegarden og eit sel for kvar av Åsebø-, Nybø-, Vereide-, og Apalseth-gardane.

Plassering i kart

Stølsdrift Det var gjennomsnittleg 5-6 kyr per fjøs. Dei fleste var berre mogleg å mjølke om hausten, så det vart ikkje så mykje mjølk. Støylsdrifta varte 10-12 veker kvar sommar, frå jonsok til nesten midt i september. 1961 var siste året det vart drive støylsdrift på Dimma, og då var der berre eit par kyr. Frå midten av 1950-åra minka det jamt, og fleire og fleire hadde kyrne heime om sommaren. I dag har sauene heile fjellet for seg sjølve. Vanlegvis gjekk budeiene heim annankvar dag. Då bar dei ofte med seg mjølk heim i to bøtter som dei bar på skuldrane. Av og til kom ein av karane inn med hest og køyrte heim mjølk og rømme. Stølsvegen Det var ein lang veg til Dimma og travelt med tung bør. Men viss ein gjekk jamnt og trutt tok det frå 1.5 til 2 timar å gå opp. Den dagen ein skulle heim måtte mjølkinga vere unnagjort før ein gjekk, så ofte byrja ein halv 5 om morgonen. To og to av støylsjentene samarbeidde slik. Den eine let ut begge kyrne om morgonen og den andre leita dei opp att om ettermiddagen den same dagen. Om ettermiddagen var alle støylsjentene som ikkje hadde gått heimover igjen, på nedre Dimma på kaffelag. Kvar gong så kokte ei av dei kaffe, så tok dei andre med mat med som dei skulle eta kvar til seg, og så samlast dei hos kokaren. Då hadde dei som oftast med seg eit handarbeid, enten hekling eller brodering, og praten gjekk rimelegvis livlig. Rett etter kaffi , ca kl 16, måtte alle gå for og finne sine kyr . Det kunne vere fint i dei varme sommardagane, men utriveleg i regnver ute på hausten. Når ein ikkje fann kyrne før det mørkna, var det ikkje mykje romantikk i ku-flokken. Det var svært forskjellig i kvar ku-flokk kor langt dei gjekk. Ein ku-flokk kunne komme tilbake til støylen vekesvis etter ein flytta dei opp, medan ein anna gjekk dei langt inn i fjelle og måtta hentast kvar etter ein lang marsj. Kvar flokk, hadde si bjølle-type og støylsjentene kjende igjen bjølla til sin flokk. Mjølking Når kyrne var sleppt inn i fjøsen om kvelden fekk dei kvar sin neve buksalt, og gjerne litt kubbesild før ein mjølka dei. Litt tidleg på sommaren slo ein graset på støylskvia og hesja eller kverva det. Når det var tørt tok ein det inn i lada og kjørde heim om vinteren på snø føre. Graset voks opp att, og siste veka ein var på støylen utpå hausten fekk kyrne beite på tunet.

CC BY-NC 4.0 Dimma, nedre av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Torbjørn Vereide 10b 27.april 2005
Kommune: 2080