Sidemeny+

Arnestadstøylen

Posted on 19. nov 2003 by in Jordbruk

Arnestadstøylen (sommarstøl) ligg ca. 385 m o.h., og er støl for gnr. 7, Arnestad indre, og gnr. 8, Arnestad ytre. Stølsdrifta vart avslutta i 1950-60 åra.

Plassering i kart

Støylen og området rundt
Stølen ligg i Langedalen nær midten av Langedalsvatnet. Begge sidene av vatnet vart brukt til beite og slått. Stølen ligg fint til på ein graskledd stølsvoll ved vatnet. Husa, 8 sel og 5 fjøsar, er velstelte og stort sett plassert i rekker med endegavlen mot vatnet.

CC BY-NC 4.0 Arnestadstøylen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen. 2003
Kommune: 2032