Vikesland
O. Rygh trur at gardsnamnet kan ha kome av det mykje brukte nannsnamnet Vikingr og derav Vikingsland.
Plassering i kart
Ulike tolkingar av namnet
Vikesland vart i 1601 skrive Vigland, 1603 Vigsland og seinare på dette hundreåret Wigisland. O. Rygh trur at det kan ha kome av det mykje brukte mannsnamnet Vikingr og derav Vikingsland.
Men det kan og tenkjast at namnet kjem av vik i tydingi ei brukt, ei vik inn i fjellsida. Dei ville høva med lendet, for i høve til Klovnastein og Aotnes ligg Vikesland meir inn i fjellsida. Ei vik, ei bukt treng ikkje alltid liggja ved sjøen. Ho kan og liggja oppe i fjellsida (t.d. garden Vikje på Voss). Som namnetype er landnamni ikkje av dei eldste. Ein trur at mange slike namn har kome opp under vikingtidi eller jamvel noko tidlegare.
(Kjelde: Anders Ohnstad, Gardssoge for Aurland band 3)
Vikesland av aurland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.