Utsikten
Køyrer du frå Kleivedammen og utover mot Anda, kan du ta av til høgre etter nokre få kilometer på E 39. Stigning opp til Engeset der du betalar bompenge og fortset til Utsikten. Her har du panoramautsikt over Gloppefjorden, Sørstrandsfjella, landsskapsformer og Sandane sentrum.
Plassering i kart
Geologi rundt Gloppefjorden
Køyrer du frå Kleivedammen mot Anda, ser du bergnabbar av kleberstein når du svingar av mot Fjellbygda. På Alme er det til og med ei klebersteinhole som folk for lenge sidan henta seg gode klebersteinemne frå. På denne steinsorten veks ei heilt spesiell bregne som heiter brunburkne. Ho er i nær slekt med den vanlege svartburkna som har svart stengel, og grønburkna som har grøn stengel. Brunburkna har svart stengel heilt nede med rota. Stengelen vert lysare brun og går til slutt heilt over til grønt siste halvdelen.
Frå Engeset og opp til Utsikten kan du sjå den kvite anortositten som ligg i skifrige lag langs vegen. Ute på Vereide vil du også kunne sjå anortositt i skjeringane langs E 39.
Folda gneis (sjå bilde) er det også døme på. Den svært mjuke talken er det ein del av. Talk er grøn-/grå på farge og feit å ta i.
Frå utsiktsplassen ser du det meste rundt Gloppefjorden. Ute på Rygg ser du den marine grense tydeleg. Du ser også raviner i det området, og den store sidemorena på Arnestad. Også på Kleivedammen og på Eide ser du den marine grense, som viser at sjøen faktisk gjekk heilt opp i Breimsvatnet.
Dødisgropa mellom Gloppen Sjuke og Aldersheim og Bolset Glas ligg der og, og minner om den siste istida.
Ångsdalen ligg rett imot som eit døme på hengande udal. Det gjer også i tur og orden Ryssdalsdalen, Jardalen, Breidalen og Traudalen.
Litt innanfor Utsikten kastar Holvikfossen seg utfor stupet. Ein tursti går langs elva.
Fugl, dyr og plantar
Nede ved riksvegen står det fleire filtkongslys som ragar over meteren. I Sandane sentrum vaks det eit prakteksemplar på 2.43 m. sommaren 2003. Planten veks langs vegen til Utsikten. Det veks også ein plante som heiter tornurt (korsblomst) og gullstjerna. Fjelldronninga veks i området, gjerne berre på moselagde steinar.
I løpet av dei siste 30 åra har eg berre ein gong – 1977- opplevd at fjellvåken hekka nedanfor Utsikten. Det var smågnagarår og alle hekkeplassane på fjellet var nok opptekne.
Om våren er det fin fuglesong i området. Hekkande svartmeis, trekrypar og grønspett har vore observert.
Utsikten av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.