Sidemeny+

Svinestranda

Posted on 2. okt 2003 by in Jordbruk

Foto: Svein Hjelmeset cbn

Svinestranda

Svinestranda er eit attraktivt turalternativ for mange. Toppen ligg på 1140 moh. Trimbøkene til STIL viser 806 besøk i 2003. Køyrer du så langt du kan, blir det ein lett tur. Du kan passere fleire støylar og oppleve fin natur.

Plassering i kart

Kort om turen

Svinestranda er nr. 2 på besøksstatistikken til STIL. Sjølv om toppen
ligg på neste 1200 moh, kan du starte omlag på ca 500 moh om du går frå Dimma, Kleivane eller Austrheimsstøylen. Det er bompengar å betale på desse tre plassane.
Frå Austrheimsstøylen er det lett og fint å gå den fyrste delen. Kraftigaste stigninga får du på slutten.
Går du frå Kleivane passerer du både Åstjønna, Gloppestadstøylen og Austrheimsstøylen.
Frå Dimma er det slakt og fint terreng med små tjern med furuskog rundt. Du passerer også Svarthammaren med alle sin sjeldne blomster på denne turen.
Fin utsiktspunkt for å observere slformørkinga 31. mai 2003.
Turane er nr. 3 og 7 på kartet.

Fugleliv, dyreliv og plantar

Ved Åstjønna vil du kunne sjå: raudstilk, hegre, krikand, smålom og myrsnipe. Vatnet er i privat eige, og det er stor ørret å fiske etter.
Høgre oppe vil du treffe på rype, heilo, heipiplerke.Fjellvåk finst det og om det er smågnagarår. Blåstrupen og svartstjerten hekkar også under Svinestranda. Sjå bilde.

Både hare og rev er det ein del av. Elles trekkjer reinen i området visse tider av året.
Utenom dei mest vanlege plantane kan du sjå både raud og kvit kystmyrklegg. Den gule fjellfiolen dekker bakken i små fine teppe. Rome og tettegras vil du sjå mykje av.

CC BY-NC 4.0 Svinestranda av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen. 2003
Kommune: Svinestranda