Sidemeny+

Steinkorset på Midthjell

Posted on 27. okt 2003 by in Immateriell kulturarv

På Midthjell stod det før eit stort steinkors, men det vart i 1831 etter påbod frå biskop Neumann gjeve til Bergens museum, der det no er å finna. Det stod i sjøen nedanfor garden ,og var berre synleg i fjøre sjø, då steig det av sjøen tildekt med tang og tare. Etter segna stod det før høgare opp i bakken, og der hadde det stått i uminnelege tider. Men så var det fortalt at det eingong budde ein fut på garden vesle-Davik, der det heiter Frimannslund, på den andre sida av fjorden. Han sette seg føre at han ville ha dette minnesmerket heime hjå seg…

Plassering i kart

Midthjellsfolket og grannane deira ville ikkje gå med på at det vart flutt, og trudde at det ville føra ulukke med seg. Men futane rådde i den tida med stor makt, slik var det med denne og, og han fekk det sistpå slik han ville. Korset varte oppteken og ført over fjorden utan at båten sokk, slik som dei hadde tenkt. Og med mykje strev fekk han korset fram og oppsett på futegarden. Men futen fekk lita glede av dett. Alt første natta høyrde han hundar gøy og ville ulvar yla og mange andre underleg læte. Dette tok seg oppatt natt etter natt, og vart verre og ikkje betre. Det vart ikkje fred å få, og sist på gav futen opp og tok korset og rodde det attende til Midthjell. Men han såg seg ikkje syn med å få det opp der det hadde stått før, og såleis vart det ståande nedi sjøen til Kristian Pedersen gav det til Bergens museum. Det er to alner og to tommar høgt og vel ei og ei halv aln breitt over armane. Eg er viss på at dette er det eldste kyrkjeleg minnesmerke der i bygda, og det var vel eit tungt sakn då det vart flytta derifrå.

CC BY-NC 4.0 Steinkorset på Midthjell av Marte og Nina er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.