Sidemeny+

Ryssdalshornet

Posted on 2. okt 2003 by in Jordbruk

Tur nr. 31 på turkart over Gloppen. Eit attraktivt turmål for mange. Toppen er ca. 1200 moh. Du kan starte turen i Ryssdalen og gå om Ryssdalsstøylen, eller gå frå Reestranda om Reestøylen. Fin utsikt frå toppen.

Plassering i kart

Turen opp

Berre tre andre toppar i STIL sitt fjelltrimopplegg har fleire besøk enn Ryssdalshornet, som i 2003 har 503 noteringar i boka. Dette er ein tur som bør leggast til den berre årstida. I eit parti har det lett for å legge seg is, og det er høgt utfor. Fyrste delen frå Ryssdalen til Ryssdalsstøylen er det til dels bratt. Ved parkeringsplassen ligg det eit lite minikraftverk. Du kan velje om du vil gå på veg eller på den gamle stien (som også er skilta). Du kan også starte frå Ryssdalsnes.
Det er ein skikkeleg kneik til slutt på ca 200m før du er på støylen og 510 moh.
Resten – litt over halva att – går du på sti. Berekna tid opp
ca. 2-3 t. Ein sprek 60-åring brukte under ein time opp sommaren 2003.
Etter kvart du vinn høgde får du stadig betre utsikt. Nede i sjølve Ryssdalsdalen, som går innover til Nesstøylen, ligg det to vatn – Dalevatna. Det er bra fisk i det inste vatnet.
Frå Reestranda er det skilta med Reestøylen, og du går på sti heilt fram til toppen.

Fugl og flora

Som bilda viser så er det vanleg variert utval av blomster. Kjem du litt opp om skogen kan du finne ei bregne som er litt spesiell, nemleg taggbregna. Denne bregna er kalkkrevjande så det kan nok vere litt kalkgrunn i området.
I skogen er det ein del tiur, som med ein heil del støy kan ta til vengene og skreme deg litt. Du kan sjå stokkand, svane, kanadagås og krikand i og ved vatnet i Ryssdalen. Om våren kan du også høyre hubroen ule.
Tidleg på 80- talet registrerte eg bøksangar opp mot støylen. ( Ikkje vanleg fugl på våre kantar).

CC BY-NC 4.0 Ryssdalshornet av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen. 2003
Kommune: Ryssdalshornet