Sidemeny+

Otternes

Posted on 1. okt 2003 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Otternes har hatt mange namn. I dag er garden brukt som museum.

Plassering i kart

Uttale og stavemåtar

I daglegtalen seier me Aotnes eller Aottnes, og gamle folk sa gjerne Aotenes. Diftongen i første stavingi er kort og namnet vert uttala med tostavings tonelag. Namnet har vorte skrive på fleire måtar: 1522 Ottherness, 1544: Aatterness, 1563: Oddenes, 1567: Aatterness, 1603: Aatterness, 1611: Ottersnæss, 1667 og 1773: Otternes.

Tyding

Det ligg nær å tru at namnet peikar attende til dyrenamnet Oter, eller til fangst av dette dyret der dei kanskje har lagt ut aota, lokkemat. Midt på Aotnes, på kvassaste neset, finst ei liti bukt, ein liten halvrunding inn i sjølve bratte hammaren. Der må det ha vore ein god fangstplass. Det ville vera naturleg å setja namnet i samband med denne fangstplassen, då særleg dyrenamnet Oter, og – eller lokkematen, aota. Denne særmerkte bukti, som både kan minna om buplass for veidefolk og fangstlass, har diverre vorte fylt med jord og stein under vegarbeid i 1985.

Andre stadnamn på garden

Like ovanfor garden fins eit par stadnamn som ogso minner om fangst: Bjønnbaos og Røvodden. Det ligg difor nær og tru at desse namni peikar langt attende og minner om at fangst og veiding er noko eldgamalt. Det kan ha vorte drive ved sida av åkerbruk og feal, men har truleg endå djupare røter enn dette. Me kan heller ikkje sjå bort ifrå at namnet Otternes kan ha noko mad ein lun plass å gjera. Neset gjev nemleg god ly for veret frå sørleg kant.

CC BY-NC 4.0 Otternes av aurland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.