Loven
Dette gardsnamnet er omdiskutert og mykje interssant.
Plassering i kart
Moglege tolkingar av namnet
Fleire namnegranskarar hevdar at det bør skrivast med å, Låvi, t.d
Låvisberget, i bygdemålet heiter det Laoi og Laoishagadn. Som familienamn er det alltid skrive med o, Loven.
Dei som ser det slik hevdar då at førestavingi kjem av eit lå eller lo, og det har med vatnet (Vassbygdevatnet) å gjera. Andre har vore inne på den tanken at eit lod (stungen d) eller lo tyder jord eller mark, og då ville det vera naturleg å skriva gardsnamnet med o, Loven. Endinga vin tyder ogso grasmark eller eng. I bygdemålet er det ingen tvil: Laoi, Laoisdalen, Laoisderget.
Skrivemåtar
Gardsnamnet har hatt mange ulike skrivmåtar. Embedsmenn og tetenestemenn har forvrengt ogso dette namnet.
I 1338 vart det skrive Lauin 1438 Laffuen 1563 Louinnd 1603 Loffue. Men skrivemåten Loven finn me så lagt attende som i 1723.
Det vert spanande å sjå kva namnegranskarane kjem fram til.
(Kjelde: Anders Ohnstad, Gardssoga for Aurland, Band 3)
Loven av aurland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.