Sidemeny+

Li

Posted on 1. okt 2003 by in Immateriell kulturarv, Landskap

Naturskildrande gardnamn er dei eldste namna i Noreg. Dette tyder på at garden Li er svært gamal.

Plassering i kart

Tyding

Natur-skildrande einstavingsgardsnamn i ubundi form, slik som Li, Vik, Bø, Nes o.a., høyrer til den eldste navnegruppa, og me skulle då vera attende til den eldste busetjingstidi, venteleg for eit par tusen år sidan.

Dei eldste kjeldene

Det eldste skriftlege provet for busetnad i Li er frå 1300–talet, truleg før Svartedauden (1350).
Namnet ser me er brukt alt i Bjørgynjar Kalfskinn, der det står at Kaupangerkyrkja har innkomme frå Li (Liid) i Ryggjar kyrkjesoken. Garden Li er og nemnd i innkoma til kyrkja i Flåm og i til kapellet i på Fretheim, men her veit me ikkje om det er Li ytre eller indre. Kyrkjene hadde innkome av garden som låg i ander sokner eller andre bygder enn der kyrkja låg. Men her er det mest truleg at dei to sistnemnde går på Li indre.

(Kjelde: Anders Ohnstad, Gardssoga for Aurland, Band 3)

CC BY-NC 4.0 Li av aurland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.