Sidemeny+

Husmannsplassen Hagaberg

Posted on 14. okt 2003 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Hagabergstova, juni 2003 Foto: Petter Arnt Løvdahl

Atter liv på den gamle husmannsplassen

Plassering i kart

Den første me veit om som busette seg på Hagaberg, heitte Ola Olson Moabakken, fødd 1803 – død 1866, gift med Margreta Olsdtr. Prestgarden.Dei budde i eittromshuset som no står som stabbur ved Utladalen Naturhus. Dette blei selt og teke ned då den andre brukaren, Jørgen T. Flaten, f.1863 – d.1950, tok over husmannsplassen. Han sette så opp glasstova som kom frå Avdal gard.
Jørgen blei gift med Marta Einarsdtr. Hjelle. Historisk er livet på Hagaberg i denne epoken svært spesielt. Kona fekk sjukdommen lepra (spedalskheit). I denne tida måtte dei innreie huset spesielt for at ho skulle kunne få vere heime. (Meir info finn de i fylkesarkivet.) Dottera Mathilde og mannen Ingvald Vetti dreiv plassen dei siste åra fram til 1950. Kring 1995 starta noverande eigar, Petter A. Løvdahl, å restaurera stova, og det er atter liv og røre på plassen.

CC BY-NC 4.0 Husmannsplassen Hagaberg av aardal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Info frå familien.
Kommune: Hagaberg