Heksemonument og runestein
Det fyrste heksemonumentet i Norge vart 9. juni 2002 avduka ved ferjekaien på Anda. «Heksa» er hoggen i granitt og larvkitt av Stig Eikaas. Den gamle rettarstaden ligg like ved. Ein stein med 900 år gammal runeinnskrift finn vi også i nærleiken.
Plassering i kart
Ramma rundt monumentet
Fyrlykta ligg like ved monumentet der fjorden deler seg innover til Stryn og til Sandane. Vi kan og sjå kvar Hyefjorden tek av. Innanfor Lote ser vi Åsane omkransa av edellauvskog med sine sjeldne orkidear og andre plantar.
På svaberget veks det messinglav, bitter bergknapp og fjørekoll. Tjelden hekkar som regel på odden og legg sine to eller tre egg. Det veks nokre store furetre bakanfor monumentet, og i skogen finn vi storfrytla.
Artikkel i Gula Tidend 16. juli 1981
Ola – Rolf Gloppestad starta artikkelen med nokre ord frå runeinnskrifta som han viser til. Han skriv vidare: «Slik byrjar ei innskrift på ein kampestein som ligg med glattpolert overflate rett mot ver og vind der tre fjordarmar møtest midt i Nordfjord, nærare bestemt på den blankskura svaberg-spissen som er kjend under namnet Anda, resten av innskrifta er diverre borte, viska vekk frå den glatte steinflata og sveipt i historisk tussmørke……..»
Heksemonumentet
«Reisinga av heksemonumentet vart lagt merke til langt utanfor Gloppen og vart omtala som ei viktig, nasjonal hending. Initiativet til reisinga av monumentet kom frå kyrkja. Kyrkja har vore delaktig i det fæle som har skjedd, men verdslege myndigheiter har og eit ansvar. I mange tilfelle vart også prosessane utløyste av trykk nedanfrå» skriv Olav Sig. Gundersen i ein artikkel i Jul i Nordfjord 2003.
Frå 1560 – 1610 veit vi om ca 65 menneske i Sogn og Fjordane som vart dømde for trolldom. Av desse kom 34 frå Nordfjord.
Gundersen avsluttar artikkelen sin med desse orda:»Samstundes må vi ha blikket retta mot korleis utstøyting, krenking og demonisering gjev seg utslag i vår tid. Menneskehjartet er vel på godt og vondt det same som for 300 år sidan, då heksebrenning var politisk korrekt.»
Innskrifta på heksesteinen:Heksemonument i Anda. Reist i respekt for dei som på 1500 – 1600 – talet her vart brende, dømde for trolldom og til påminning for ettertida. «Kjærleiken misunner ikkje» 1. Kor. 13.14.
Heksemonument og runestein av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.