Dua
Due-eggja, den særmerke fjell ryggen på grensa mellom Sunnmøre og nordfjord, er ikkje berre som ein merkjestein mellom to fylke, i alle fall ikkje i medvitet til dei som bur i nærleiken. Dua, som er namnet i daglegtalen, har også vore valplass for mindre fredlege oppgjer mellom sunnmøringar og nordfjordingar…
Plassering i kart
Etter det tradisjonen veit å fortelje, stod det såleis eit slag mellom dei ein gong dei hadde blitt usamde om beite retten i fjellet. I dette slaget fall nordfjord-høvdingen og vart gravlagd der saman med ein stor skatt. Mangen leita etter skatten utan resultat. Sidan 1920-åra har sunnmøringar og nordfjordingar sett kvarandre stemne på Dua til fyrste søndagen i August. I sør skar nordfjorden seg inn gjennom landet under den lange og beine Dombesteineggja til han kom bort i svingen inne under Gjegnalunden. Og Leif Gusdal, som var lærar ein stad nordpå, han song ein vals som var ny og alle nynna på der han hadde vore; Langt mot syd og høyt mot nord nord Tromsøvalsen var namnet .Den siste tida har due stemnet teke seg opptatt. I 1989 var det såleis fram mot hundre menneske samla der, om lag like mange frå kvar side av fjellet. No er det berre ein varde på Due-eggja. Lynet slo ned i den eine av dei hausten 1962 og spreidde vidt utover. Ein gammal fjellvandrar kjenner seg kanskje litt framand på Dua i dag. Den eine varden er borte og den andre er påmura i vidda.
Dua av Lillian og Hege er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.