Sidemeny+

Den gamle driftevegen.

Posted on 27. okt 2003 by in Jordbruk

Det virka fornuftig å starta opp lengst nord i fylket vårt.
Me startar på garden Duestøylen på sunnmøre. Skogsvegen er god og lett å følgja og kallast for Dueråsa.
Vegen går vest om Duestøylnakken, forbi Storesteinane og gjennom Duelegene…

Plassering i kart

Ikkje langt frå Drautane og berre ca.50m frå driftevegen ligg ei godt bevart jakthytte
som er uråd å sjå, dersom ein ikkje veit om ho.

Siste bjørnen som blei skoten på fjellet her, var i Dueskaret.
Stien fram mot Dueskaret er lett å fylgje og er merka med steinvarer som Kjølsdalen 4H har sett opp. Me passerar Fossevatnet og Småvardane og går inn i Dueskaret, rett under fjellet
Dua. Mykje kan tyda på at driftane gjekk opp ved Mystølen og Myrane og for vidare over Blåfjellet ved Storevassætra til Fannstølen.

På Fannstøylen slo bjørnen ein gong ned taket på fjøset og drap ei kvige. Ein anna
gong slo han inn ei dør, men då tok han ikkje liv. Beste måten å skremma bjørnen på var å ta ein nevelkrull på ein lang staur, og så tenne på.
Me tar ein avstikkar frå hovudråsa mellom Kjølsdalen og Stårheimsdalen. Vegen går vidare til Duevatnet. Kjølsdalsbotnen kan me sjå rester etter hustufter. Frå utsiktspunktet ser me ein av vegane driftekarane truleg tok opp i frå Kjølsdalen via Lidahalsen og Rindane. Me anar sadelen mellom Ljådalsfjellet og Høgegga der dei tok seg fram langs nordsida av Langedalsvatenet og der i frå ned til ytre Fannstøylen. Dei kan og ha teke vegen om Myrsetra, Melkarhaugen, Blåfjellet og rett ned lia til ytre Fannstøylen.

CC BY-NC 4.0 Den gamle driftevegen. av Trygve og Birger er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.