Sidemeny+

Bjørnen ved Dua

Posted on 27. okt 2003 by in Dyreliv

Siste bjørnen som blei skoten på fjellet her, var i Dueskaret. Det var han Krokemattis som var hovudpersonen. Jaktlaget trudde han var daud etter skotet dei gav han…

Plassering i kart

Siste bjørnen som blei skoten på fjellet her, var i Dueskaret. Det var han Krokemattis som var hovudpersonen. Jaktlaget trudde han var daud etter skotet dei gav han. Krokemattis gjekk bort til bjørnen, men då beit han seg fast i låret til Krokemattis. Samstundes anda bjørnen ut. Det seiest at dei måtte fram med brekkjarn for og opne kjeften på bjørnen og løysa Krokemattis frå bjørnekjeften.

CC BY-NC 4.0 Bjørnen ved Dua av Anders og Inge er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.