Utvær fyr
Lengst vest i Noreg i Solund kommune finn du Utvær fyr.
Utvær fyr er framleis bemanna men er planlagt automatisert i 2004.
Plassering i kart
Utvær fyr
Lenger mot vest er det ikkje mogleg å reise i Noreg dersom du skal ha fast grunn under føtene. Det er ikkje fastbuande på Utvær i dag, men på fyrstasjonen vil ein alltid finne folk. Her er det alltid to personar på vakt. Skal du besøke Utvær må du i båt. Eigen båt eller lokale skyssbåtar Valet er ditt. Her er tingingsrute frå Kolgrov heile året. I sommarsesongen er det oppsett eigen skyssbåt med avgang i frå Eivindvik. Opplysningar om desse båtrutene kan du finne på Jensbua sine web-sider.
Nokre fyrfakta:
Byggjeår: 1900
Pris: 165.000,- kr.
I bruk: 15. 09. 1900
Fyrapparat levert av: Barbier, Paris
Montert: 18 m.o.h.
Tårnhøgd: 31m
Rekevidd: 32 km
Lysglimt: kvart 30. sek
Under krigen
I februar 1945 vart fyrtårnet sett i brann under eit alliert flyangrep. Fyret vart bygd opp att 1948 – 1952. Sjølve fyret fekk då ei anna utforming enn tidlegare og «balkongen» på toppen ein etasje mindre.
Fredningsvedtak
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fatta vedtak om vern av Utvær som naturreservat. Vedtaket gjeld øygruppa Utvær og omliggjande sjøareal. Øya Utvær og nærliggjande sjøareal er unnateke. Riksantikvaren har gjort framlegg om å frede sjølve fyrstasjonen.
Utvær kapell
I middelalderen var det eit kapell sør for eksisterande busetnad. Det er noko uvisst når kapellet vart bygd. Dei fyrste skriftlege kjelder som nemner kapellet, er Bjørgynar Kalveskinn frå 1320. Kapellet hadde inntekter gjennom gåver og fisketiende. På 1600 talet eigde kapellet 15 kyr og 27 sauer som vart utleigd. Seinare på 1600 talet opplevde Utvær kapell å bli røva av skotske sjørøvarar.
Om sjølve kapellet
Kapellet var laga av tømmer og var ca. 7,5 m langt og ca. 6,3m breitt. Her var om lag 120 sitteplassar. Kapellklokka frå 1641 kan ein i dag finne utstilt på dei Heibergske Samlingar i Kaupanger. I kapellet vart det halde 4 preikener i året. Presten kom i båt frå Eivindvik. Presten sat ofte værfast på øyane lenger inne. I 1718 var kapellet flytta inn til Husøy. Då Straumen kyrkje vart teken i bruk ved slutten av 1800-talet, vart kapellet rive.
Selje, Kinn og Utvær
Eit sagn seier at ei irsk kongsdotter, St. Sunniva vart overfalt av vikingar i det tiande århundre. Ho samla slekt og vener i tre båtar utan våpen, årar og segl. Skipa dreiv i land på Selje (Selje kloster), Kinn og Utvær. Kapellet på Utvær vart via til St. Clemens som var vernehelgen for sjøfolk og ankersmedar.
Utvær fyr av freddyi@tiscali.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.