Undredal-Hjødlo-Melhus
Den gamle stølsvegen mellom Melhus og Hjødlo er ein fin turveg.
Plassering i kart
Skildring av turen
Turen startar i Undredal sentrum. Turen går over brua og forbi skulen. Vegen går i fleire svingar opp til Hjødlo. No er det ikkje meir stigning. Utsikta over bygda og fjorden er storslagen undervegs. Turen går vegen til endes, då fortset den gamle stølsvegen gjennom kulturlandskap og skog til Melhus.
Turen er 1,5 km i lett terreng.
Returen til Undredal kan gå langs hovudvegen.
-
Melhus sett frå den gamle stølsvegen frå Hjødlo. Foto: Anna Karine Marsteincbn
Undredal-Hjødlo-Melhus av aurland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.