Sidemeny+

Tverrfjellet .

Posted on 1. jan 2003 by in Jordbruk

Turen kan du gå heile året. Bilveg frå Sandane til øvre Søreide der ein tek av til høgre på bomveg mot Jardalen. Du kan køyre opp i ca.400 moh. Sti vidare til Mardalsstøylen. Du kan gå vegen om Svartekari. Tek du traseen opp frå vatnet innerst i Jardalen, blir det tungt. Fargerike naturtypar møter deg om du går den vegen.

Plassering i kart

Fjelltur
Det er kanskje finast å gå turen i mai/juni. På denne årstida kan du ta fyrste delen som fottur. Ved Mardalsstøylen kan ein ta på seg skia og legge på fellane/klister, for det er ganske bratt stigning opp frå støylen.
Frå Tverrfjellet 1317 moh, kan du sjå mot Jølster og Gjengedalen. Kastar du blikket mot Botnabreen ein april-/maikveld, kan du sjå skuggen av eit ansikt. Ein stein på Tverrfjellet har også «teikningar» av eit ansikt i overflata.

Fjelltoppar
Legg du turen om Svartekari 1220 moh, kan du skrive deg i trimboka som idrettslaget STIL har liggande i ein varde (tur nr.44 på Gloppenkartet). I 2003 var det 604 som besøkte toppen.
Det var på denne toppen elevar frå Nordfjord Folkehøgskule låg verfaste vinteren 2003. Etter at elevane hadde grave seg ned i snøholer, vart det mildver og svært kraftig vind. Til all lukke, hadde dei moderne peileutstyr, slik at hjelpemanskapet visste nøyaktig posisjon. Det var likevel ein stor prestasjon av rektor ved folkehøgskulen ilag med ein elev, å ta seg fram til Svartekari. Tørre kle og varmt drikke var kjærkome i ein kritisk situasjon.

Fugleliv
Rype, ein del snøspurv, steinskvett og heilo hekkar på og rundt Tverrfjellet. Er du heldig, kan du sjå kongeørna sigle høgt over deg.

Dyreliv
Utanom beitande sau og kyr, kan du i visse periodar få sjå villrein som på bildet. Elles dukkar framleis lemen opp i store flokkar år om anna.

Flora
Floraen er også spesiell pga kalkrik grunn. Difor finn vi den flotte raudsildra og issoleia i området.
Fjellsmella lyser også fint opp på karrig grunn. Tidlegare på året kan ein sjå tepper av greplyng. Den små fine moselyngen kjem ein nok over på turen om ein har augene med seg. Etter ei frostnatt kjem den karakteristiske raudfargen på rypebæra fram.
Det har vore sagt at det veks vaniljerot i nærleiken av støylen. Kan nokon bekrefte det?

CC BY-NC 4.0 Tverrfjellet . av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen. 2003
Kommune: Tverrfjellet