Svarthammaren

Svarthammaren speglar seg i Blåvatnet.
Svarthammaren ligg vest for Svinestranda på 998 moh. Tur nr. 3 på turkartet over Gloppen. Under Svarthammaren ligg Blåvatna. Dette er ein av få stadar i Gloppen det dukkar opp kalkrik grunn. Kalkkrevjande plantar finn du her: snøsildre, tuesildre, bergveronika og fleire.
Plassering i kart
Val av rute Tur nr 3 viser at ein kan gå frå Veten til Svarthammaren. Du kan også følgje tur nr 6 (Kvanndalen) eller 7 (Svinestranda). Om du vil køyre til Dimma eller om Engeset/Austrheimstøylen må du betale bompengar. Det er lett terreng frå Austrheimstøylen. Vil ein gå heilt frå Sandane, kan ein starte frå Kleivedammen og gå opp til Leirstøylen og vidare til Eidsstøylen. Legg du turen om Engeset, kjem du forbi Utsikten. Frå denne plassen har du god utsikt over Sandane og områda rundt. Køyrer du til Kleivane skisenter er det lett terreng inn til Austrheimstøylen. Fugleliv og flora
-
Svarthammaren speglar seg i Blåvatnet.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Eg har sett berre denne eine marinøkkelen i dette området. Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Litt av utsikten frå Svarthammaren om du ser mot Hennebygda.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Norsk vintergrøn.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Kvitkurle (orkide). Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Bergveronika.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Marigras.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Setermjelt.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Heilo
Foto: Svein Hjelmesetcbn
Svarthammaren av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.