Svartekari
Tur nr. 44 på turkart over Gloppen. Toppen ligg 1220 moh. Populært turalternativ både sein vinter og sommar/haust. 604 besøk i 2003. Bilveg til litt forbi Mardalsvårstøylen på vel 400 moh.
Plassering i kart
Vegval Ein kan køyre til øvre Søreide. Tek av til høgre og betalar bompengar. Her kan du også kjøpe fiskekort om du vil legge turen om Jardalsvatnet som ligg lenger inne i dalen. Du kan køyre opp i vel 400 m høgd. Om du vil gå frå fyrste brua, går det sti på venstre sida av elva. Her kan du finne kantarell, blåbær, tyttebær og litt molte om du er ute i rett tid. Fin sti fram til Mardalsstøylen og vidare opp mot Svartekari. Det er trimbok på toppen. Frå toppen er det fin utsikt mot Langedalen og Ångsdalen. Du ser også Arnestadfjellet (tur nr46/47) Sørstrandsfjella og ut Gloppefjorden. Fugleliv Nøtteskrika kan du høyre i furuskogen rett oppom Søreide. Fossekallen får ein ofte eit glimt av langs Jardalselva. I blandingsskogen kan du også sjå både bokfink (sjå bilde) og bjørkfink. Ein stor tiur kan og skreme deg kraftig. Oppe på Mardalsstøylen er det steinskvetten som er mest aggresiv. Heipiplerka og lauvsangaren er også aktive fuglar i hekkesessongen. Har også registrert blåstrupe på veg mot Svartekari. Den sørgmodige klagesongen frå heiloen kan du ikkje unngå å registrere. Kjem du høgt nok, er det berre rypa, steinskvetten og den flotte snøspurven som held deg med selskap. Flora Berggrunnen gjer sitt til at det stort sett er heilt vanlege blomster du får observere. Både kvitlyng, blålyng, grepplyng og moselyng vil du kunne sjå.
Meterioitt
Meteoritten som vart funnen av Jan Erik Mardal på Svartekari i 2001, hadde ei vekt på ca. 0.7 kg. Sjå bilde.
-
Utsikt frå Svartekari. Du ser Langedalsvatnet rett bak personen på bildet og Gloppefjorden til høgre på bildet.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Turt veks langs elva litt inn i Jardalen.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Går du turen vidare mot Tverrfjellet, kan du få sjå dette ansiktet. Foto: Svein Hjelmeset 30. april -04cbn
-
Rypebær ein sein septemberdag.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Eit fint eksemplar av storfugl hann; tiuren Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Meterioitt
Meteoritten som vart funnen av Jan Erik Mardal på Svartekari i 2001, hadde ei vekt på ca. 0.7 kg. Sjå bilde.
Svartekari av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.