Sidemeny+

Storevarden

Posted on 1. jan 2003 by in Ymse

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Storevarden - sett frå Tverrfjellet- med Snønipa i bakgrunnen.

Ein av dei høgaste fjelltoppane i Gloppen 1425 moh. Fin tur som kan gåast på ski eller til fots frå mars/april og utover. Denne turen er middels tung, og eignar seg for folk som er i rimeleg bra form.

Plassering i kart

Tur nr. 43 på turkart over Gloppen

Ein kan køyre opp til Søreidsvårstøylen 380 moh. Derifrå tek du til venstre og går opp på Søreidenakken. Du har no fin utsikt over Sandane og ut Gloppefjorden. Det er til dels bratt terreng opp hit. Eit slakkare parti ligg føre deg og du nærmar deg Vardevatnet. Ved dette vatnet er det to hytter. Det er fisk i vatnet og fiskekort får ein kjøpt på sportsbutikken OK Henden, eller ved bommen når du køyrer opp frå Søreide.

Lisbetdalen

Seinare på turen passerer du Daurmålsnibba og kjem inn i Lisbetdalen som går mellom Jardalen og Nesstøylen. Ein kan også velge ei rute som går frå Jardalen. Desse rutene møtest her i Lisbetdalen.
I dette området er det fint å jakte på rype.
Det ventar deg ei bratt oppstigning mot storevarden no.

Storevarden
Storevarden ligg høgt og fritt. Det er fin utsikt mot Sørsendalen, Botnafjellet og Blåbreen mot Jølster. Om du vil fortsette turen, kan du ta deg ned på Tverrfjellet og gå rundt Jardalen om Svartekari til Mardalsstøylen. Sjå artikkel om Tverrfjellet.

Flora og insekt

Sommarstida vil du kunne sjå blomstrande moltemyrar. Den vesle moselyngen kan breie seg utover små bergryggar.
På myrområda innover frå Søreidenakken surrar ofte augestikkaren i august og det finst fin molte.

CC BY-NC 4.0 Storevarden av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen. 2003
Kommune: Storevarden