Stølsmiljøet på Lifjellet

Lifjellet sett frå nordsida
Stølsdrifta på Lifjellet starta for godt over 100 år sidan. Frå Lifjorden vart det laga ein veg slik at kyrne lettare kunne ta seg fram, og for å kløvja mjølkeprodukta til gards att. Folk arbeidde seg fram med boring og krutt, mura og planerte til det vart ein brukbar kløvsti.
Plassering i kart
Stølsfjellet
Lifjellet er det karakteristiske berglandskapet lengst sør-vest i Hyllestad kommune. Fjellet har to særeigde stølar, Porten og Storaker, og to sameigde stølar. Desse var Risnes og Hovland, og Lundeland, Lekva og Lireid. Desse stølane vert no kalla 3-Lstølane.
Før stod det 7 stølshus her på austre delen av fjellet.
Livet på stølane
Beita oppe på fjellet var gode og gav «stort i bytta». Budeiene kinna smør og ysta ost. Dei som hadde hest, brukte han til å frakte maten ned med; andre måtte ta han på ryggen.Stien opp og til gards var bratt og vanskeleg, men det gjekk bra i alle dei åra dei nytta vegen.Men skodda på Lifjellet kunne koma brått og vere lumsk, og difor bygde budeiene steinvardar fram til beiteplassane.
Stølane i dag
Lifjellet er eit viktig friluftsområde i Hyllestad. Heile området er vakkert og spesielt med stupbratte fjellsider og kupert snaufjell. Her finst også mange vatn og mykje vilt. Av gamle stølshus er det berre Harry Porten sin støl som står enno. Av dei andre ser ein berre restar at etter tuftene. Men på 3L-stølane vart det reist 4 hytter på nittitalet, og Risnes og Hovland har også fått opp kvar si lita fjellbu.
Folk på fjellet
Om Lihesten på mange måtar er «usivilisert og jomfrueleg», vil du i sommarhalvåret ofte måta turgåarar på gamle stølsvollar. Godt merka stiar fører deg trygt til fjells, og andre sundagen i juni dreg folk i flokkar mot Gygrekjeften. Huldrene er sjeldan å møta på, men det manglar ikkje på trivelege turvenner som du kan dele opplevingane dine med. Den årvisse turmarsjen «Lihestklyvet» endar opp like ved Gygretanna, 714 meter over havet.
Elles har Hyllestad IL lagt ut tre trimpostar på fjellet, og ingen ekte fjellmann/kvinne vil vere bekjent av at namna deira ikkje er nedskrivne i registreringsbøkene.
-
Lifjellet sett frå nordsida Foto: Håkon Haukøycbn
Stølsmiljøet på Lifjellet av Håkon Haukoy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.