Søndagstur til nedre Norddalen
Søndagstur til nedre Norddalen i 1962. Familien til Åsmund Kvamme ferierte på stølen her to til tre veker kvar sommar frå om lag 1960 til 1967.
Plassering i kart
På biletet er frå venstre: Jon Sande, hesten Dalrosa, Eivind Sande (med ei hank kjøer i handa), Dagny Kvamme og Liv Sande. Kjøene hadde truleg ungdommane fiska i elva med heimelaga troe og makk.
Torvtaket på selet vart skifta til eternitt-tak midt i 1960-åra. Selet var sett opp i 1935 og byggmeister var Johan Måren frå Helleviki i Lånefjorden.
Søndagstur til nedre Norddalen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.