Sidemeny+

Skirenn på Bruhjellsstølen

Posted on 1. jan 2003 by in Jordbruk

Biletet er frå tida då det vart arrangert skirenn på Bruhjellsstølen. Karane frå Tenningåsen reiste ofte heim med dei finaste premiane.

Plassering i kart

Løypa gjekk frå Bruhjellsstølen mot Fagravetnet, over Bukkaberg, ned til Glisebikkja og tilbake over Brekka.
Karane frå Tenningåsen hadde lang veg til skirennet. Dei måtte fyrst ned til Tenningen, så med båt over fjorden, for så å ta seg opp til stølen. Etter å ha gått skirenn måtte dei dra den same vegen heim att. Men dei forsynte seg godt med fyrste plassar. Noko som ein kan lesa om i boka som vart i gitt ut til 50-årsjubileet til Balestrand idrettslag.

CC BY-NC 4.0 Skirenn på Bruhjellsstølen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.