Sidemeny+

Seltufter i Sunndalen

Posted on 1. jan 2003 by in Jordbruk

Sunndalen var heimestølen til husmennene på bruk nr. 1, 2 og 3 på gard nr. 81 ytre Nesse.

Plassering i kart

Biletet er teke frå Sunndalshaugen mot vest. Her syner murar etter fire sel. Geitene frå Hyllestad var i Sunndalen før dei kunne koma opp i øvre Norddalen.
Det vart slege mange gonger i Sunndalen og høyet vart bore heim då det var turt i hesjane. Ingolf Hoff, som budde på Setane, slo i Sunndalen og bar det på ryggen ned til husa på ytre Nesse. Sidan vart det køyrt med hest opp til Setane.
Det var vandagard av sprake rundt selbøen i eldre tid.

CC BY-NC 4.0 Seltufter i Sunndalen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.