Sidemeny+

Røsskleivdalen

Posted on 1. jan 2003 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Parti frå vatnet i Røsskleivdalen

Fint fiskevatn nær Sandane , med rikt fugle- og planteliv. Tur nr. 9 på kart over Gloppen. Du kan køyre frå Sandane til Leirstølen (bomveg). Ein halv time å gå derifrå til vatnet.

Plassering i kart

Fiske Vatnet  vart oppdemt midt på 60-talet. Fyrste åra var fisken stor – heilt opp til 2 kg. Rekordfisken vart teken jonsokdag i 1984 på spinner og vekta var på 2,5 kg. Fleire år har gjennomsnitsvekta på fisken lege på 500 g . Fisken trivst godt i vatnet fordi det har vore kalka. pH 5,97 16.06.02. Det er gratis fiske i vatnet. Du kan og bruke ein liten pram som ligg fortøya nær hytta. Er du heldig og får fisk, er det fint om du skriv det i fangstboka som heng på hytteveggen. Mange andre fiskevatn finn du her.

Hytte: Gloppen jeger og fiskarlag eig ei hytte som ligg ved vatnet. Bensinstasjonen på Kleivedammen leiger ut hytta for ein billeg penge til medlemane i Gloppen og medlemar frå andre lag. Då har du tilgang på båt.

Fugleliv Smålom har hekka i området i mange år. Nokre år kan du sjå fjellvåk sigle forbi. Det har også hendt at havørna har teke seg ein tur innom vatnet. Elles hekkar krikand, linerle, fuglekonge, raudvingetrast, strandsnipe, raudstjert og sjølvsagt lauvsangar for å nemne nokre. Måltrastegga har skarp fin farge. Dei ligg i ei reirskål av trebitar som måltrasta har togge og blanda med spytt – omlag som ei sponplate.

Flora Av spesielle plantar som finst i Røsskleivdalen og i området kan det nemnast: taggbregne, tannrot, olavstake og vaniljerot. I vatnet veks: flaskestarr, elvesnelle, bukkeblad og flotgras. Ein gamal gadd står like innom hytta. Dei kjøtetande plantane soldogg og tettegras vil du finne i Røsskleivdalen.

Fotokonkurranse Siste tre åra (frå 2003) har GJF arrangert fotokonkurranse om beste bildet frå Røsskleivdalen. Vinnarbildet frå 2005 finn du her. Fotografen heiter Andreas Ravnestad som er redaktør for www.sportsfiske.nu

Ferdsel Frå Høygardane i Breim går det ein gamal ferdselveg gjennom Røsskleivdalen og forbi hytta til Kleivedammen på Sandane.

CC BY-NC 4.0 Røsskleivdalen av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen. 2003
Kommune: Røsskleivdalen