Rallarvegen
Rallarvegen er en 80 km lang sykkelveg frå Haugastøl-Finse-Hallingskeid om Vatnahalsen til Flåm. I tillegg til kjem 43 km på vestsida av Gravhalstunnelen frå Upsete ned Raundalen til Voss.
Plassering i kart
Stor høgdeskilnad
På grunn av høgdeforskjelen frå Haugastøl, 988 m.o.h. – om Taugevatn, 1301 m.o.h. – til Flåm, 2 m.o.h., syklar dei fleste vestover. NSB har eit eige sykkeltog mellom Ål – Myrdal som går i tida 21/6 – 5/9. Rallarvegen er eit kulturhistorisk minnesmerke.
Frå vegen vil du heile tida ha kontakt med Bergensbanen, som vart opna i 1909. Langs vegen vil du også oppleve fleire verneverdige bygningar. Det er voktarbustader som for det meste er eigd av NSB, og som er skilta med namn og byggjeår. Tidleg i sesongen ligg det mykje snø over det høgaste fjellpartiet, og her anbefalar ein sykkeltoget frå Finse til Hallingskeid.
Finse
Finse 1222 m.o.h., er Norges høgstliggande jernbanestasjon. På Finse ligg DNT Finsehytta, Finse 1222 og Rallarmuseet. 21 km etter Finse, og 15 km før Myrdal vegkryss, ligg Hallingskeid, 1110 m.o.h. Her er sjølvbetjent DNT-hytte og jernbanestasjon. Vegen går etterkvart brattare nedover, omkransa av fossar og vakker vestlandsnatur. Ein må syna varsemd ved Klevagjerdet der vegen går på ei smal usikra fjellhylle.
Servering
Servering på Seltuftstova i enden av Klevagjelet, ved Seltuftvatnet. På Vatnahalsen er det hotell og servering. Dei siste 20 km går ned Flåmsdalen som har ein imponerande vestlands-natur. Høgdeforskjellen er på 865 m. I det øvste partiet er det 21 svingar, og her er det lurt å syna varsemd, gå av sykkelen!
Syklar kan du leiga på Geilo, Haugastøl, Finse, Flåm og Voss.
Rallarvegen av aurland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.