Sidemeny+

På Hanavikstølen i Saurdalen

Posted on 1. jan 2003 by in Jordbruk

Tolv ungdommar på tur til Saurdalen. Dei er på Hanavikstølen og i bakgrunnen, på andre sida av vatnet, ligg Målsnesstølen. Med seg har dei ein sveivegrammofon.

Plassering i kart

Berre ein av dei tolv personane på biletet er ikkje identifisert. Framme frå venstre sit Oddlaug Thue, Tora Mehl, Klara Suphamar Tuftedal, Aslaug Liljedal, Petra Limmesand, Ingebjørg Hanevik, Borgny Thue og Gunnvor Thue. Fyrste mann i bakre rekkja er ukjend, men så kjem Olav P. Bale, Robert Fanebust og Hildur Suphamar Tuftedal.

CC BY-NC 4.0 På Hanavikstølen i Saurdalen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.