Otternes bygdetun
Det gamle gardstunet på Otternes har framleis mykje av den karakteristiske tunstrukturen med mange spesialiserte hus tett saman.
Plassering i kart
Tunet er ei blanding av rekkjetun og klyngjetun. Det yngste huset er frå 1860. Her låg tidlegare husa til seks bruk samla, dei 4 tilhøyrande husmannsplassane låg noko nede på marka og ved fjorden. Innmarka på Otternes vart fyrst utskift i 1988. Kvart bruk hadde sine teigar både med god og skrinn jord kringom i dalsida. Dei fleste åkrane ligg på flatene nedanfor tunet. I dag er det ANKA som er ansvarleg for vedlikehald og drift av Otternes. Det er omvising i sesongen.
- Tunet på Otternes Foto: Stein Tage Domaas
Otternes bygdetun av aurland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.