Nedberge
Tunet på Nedberge innhylla i tåke Foto: 2000 Stein tage Domaas
Nedberge
av Nedrabergr, som ligg langt nede i ei skråning
Plassering i kart
Plassering
Nedberge er ein av høgdegardane i området nær Undredal. Plassen ligg på andre sida av Aurlandsfjorden, sørvendt, ca. 530 meter over havet.
Dei eldste kjeldene
Garden eksisterte før svartedauden på 1300-talet, men vart då lagt aude. Vi finn Nedberge att i skriftlege kjelder i 1603, då Besse driv garden. I tida framover var det fleire ulike brukarar, før garden i 1836 blei delt i to bruk.
Ressursar
Dei gode solforholda og den store tilgangen på utmark la gode grunnlag for næringa på garden. Dette gjorde at moglegheitene for dyrking av korn og seinare potet og husdyrhald var svært bra, og plasseringa elles gjorde området ypperleg for jakt. Til Nedberge høyrde det og til tre stølar lenger oppe i fjellet som vart nytta i sumarsesongen.
Dei to bruka på Nedberge har vore drive på heiltid fram til like etter krigen. Då førde moderniseringa innan jordbruket til at det vart for tungvint i høve til vinst på Nedberge. I dag vert Nedberge nytta til rekreasjonføremål, fyrst og fremst under hjortejakta.
Framleis finn ein både driftsbygningar og bustadhus frå 1800- talet på Nedberge. Og om ein er klar for ein bratt, men fin fottur på 1 time, er plassen vel verd eit besøk.
- nedberge sett frå Stegen. Foto 2003: Pascale baudonnel
Nedberge av aurland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.