Nedberge ved starten av krigen
Løypestrengen på Nedberge vert driven av eit motvektprinsipp som gjer at ein kan sende tunge bører både opp og ned dei 1000 metrane frå sjø til tun.
Sigurd Nedberge skreiv dette minnet om korleis kvardagen var på Nedberge under krigen til bladet Underdølen. Sigurd hadde myje kunnskapar og mange minne omkorleis livet på høgdegarden Nedberge var i gamle dagar.
Plassering i kart
Då krigen braut ut 9. april 1940, vart me i hui og hast flytt frå Underdal til Nedberge.
Dette var ein del tidlegare enn vanleg, men på grunn av at det ikkje hadde vore ufred i landet på over 100 år (1814), vart folk skremde og oppskaka. Me hadde levd i fred, og etter den tid ganske bra i små, men gode kår. Me visste ikkje om andre levevilkår.
Nedberge
Me hadde ein høgdagard på andre sida av Aurlandsfjorden som heitte Nedberge. Den ligg 536 m over fjorden. Me fødde i dei dagar 1-2 kyr, 40-50 geiter og nokre sauer på garden. Me budde i Undredal om vinteren, og frakta høyet ned på løypestreng. Løypestrengen har ei lengd på 1000 m. Høyet vart så frakta over fjorden i båt (robåt), då det ikkje var snakk om motorar i dei dagar. At me budde i Undredal om vinteren kom seg av at ungane gjekk på skule og derfor måtte bu der.
Som nemnt reiste me tidlegare til Nedberge våren 1940. Eg var 12 år, og var den yngste av ein barneflokk på 6. Det var tre gutar og tre jenter. Den eldste systera mi, Signe, var gift på nabogarden Skjerdal. Signe vart gift i 1937 med Trygve Skjerdal. Den nest eldste i syskenflokken, Birger, døydde same hausten. Me vart såleis att berre fire sysken denne våren. Alderen var 12 år, 17 år, 20 år og 23 år.
Førebuingar til krigen
Eg hugsar at far var borte og henta bror min Olaf, som då var 23 år. Han var innkalla og skulle i krigen. Ja, det var tunge dagar. Han møtte på Bømoen, Voss og vart send vidare til Valdres der han deltok i kamphandlingane til kapitulasjonen i mai.
Så kom det melding om at alle båtar skulle senkast under vatn så ikkje dei kunne nyttast av fienden. Dette var ikkje bra for oss, då heile familien min var flytt til Nedberge.
Farbrorkona mi, Bergljot, gjekk i niande månaden og venta sin nedkomst, så me måtte ha båt for hånden.
Etter avtale med vaktskøyta, fekk me ha båt liggjande for å kunna henta jordmora i Underdal. Alt inventar som årar, tiljer og tofter måtte fjernast. Desse måtte berast 100 m opp til elva, dvs. overgangen til Nedberge. Heldigvis gjekk det bra.
Korndyrking 1941
I 1941 skulle me taka opp ein åker for å så korn til eige bruk. Me hadde fremst på garden ein fin teig som me kalla «Nibbeaokern». Åkeren var på ca. 3,5 – 4 mål. Namnet «Nibbeaokern» kjem av eit juv på ein plass der det ikkje er så fint. Steile fjellsider og bratte hellingar. Dette er overgangen til Kappadalen. (2 nedlagde gardar lengre fram i dalen). Overgangen vert kalla «Nibbao», og er ikkje framkommeleg for ku eller hest, men geit og sau går der.
Me hadde i dei dager ikkje hest på garden, så det måtte me leiga på nabogarden Skjerdal. «Gamleblakken», ein trufast slitar på garden til Trygve (svogeren). Plog fekk me låna hjå Harald Skjerdal, ein 8 toms vollplog.
Magne, bror til Trygve, kom og pløydde, horva og gjorde åkeren klar til såing. Me sådde bygg den våren. Då me ikkje hadde reiskap til slikt bruk, måtte me bruka grev til å pikka kornet nedi med. Det var å gå og grava små forer langsetter åkeren. Dette var eit seint og tungt arbeid, då serleg for ryggen.
Kornet spirte og voks fint. Om hausten når kornet gulna eller var moge, var det klart for skjæring. Eg hugsar me leigde ei kone i Underdal, Sofie Buene, som var vane med slikt arbeid frå tidlegare. Ho var frå garden Selseng i Sogndal, men gift i Underdal. Ho skar kornet med stuttorv og batt det i buntar (nek). Bestefar min, Birger Nedberge, sette kornet på staur. Det var eit arbeid han kunne frå tidlegare dagar. Dette var eit arbeid som var nytt for oss, men så fekk me læra og seinare utførde sjølve.
Seinare fekk me oss eigen hest og tilhøyrande redskap, så nå var me sjløvhjelpne. Me avla både bygg og kveite, til og med litt havre. Det var alltid god kvalitet på kornet, då det på Nedberge er solrikt og derfor svært gode vekstmuligheter. Når kornet vart tørt, var det å bæra det på ryggen heim på låven og leggja det på kornlemmen. Treskinga gjekk føre seg på gamalt vis. Det var far, Lars Nedberge som utførde det arbeidet.
Tresking
Kornet blei så teke bånda av og lagde i ein sirkel på låven med aksa inn mot midten. Dette kalla dei eldre «loi». Så var det å bruka berjatusten; det er ei stong på ca 2 m med ein kolve på ca 80-100 cm som var festa i enden på håndtaket med ei frittløpande lærreim som sveva fritt rundt handtaket. Dette kalla dei «svodl». Det var mest ein liten kunst å bruka, men med litt øving gjekk det bra.
Når kornet var banka og hadde løsna frå aksa, var det å ta halmen vekk så ikkje for mykje av kornet fylgde med. Sidan var det å drøfta kornet. Dette arbeidet hadde me heller ikkje maskiner til å gjera. Det var å bruka den eldre metoden med «drøftetrauet», eit trau som var utforma på best mulig måte med håndtak på begge sider. Når kornet var fritt for agnor, var det å kasta det på langs etter låvegolvet. Det kornet som gjekk lengst, var tyngst og best. Dette var som dei kalla å skilja lettakornet frå det beste. Agnorene vart heller ikkje kasta. Dette vart brukt til agnorsørpa som med vatn og simpelt mjøl vart gjeve til kyr, griser og andre storfe.
Belsmaskina
Halmen vart og nytta. Me hadde på garden ein kniv med handtak som vart festa i andre enden med ein ball, ei rema med 4 bein. Der kutta me halmen i passelege lengder. Dette vart gjort av hakkemaskina me hadde.
Denne maskina har eit lokalt nemn, «Belsmaskina», då det etter sigende var ein mann frå Bedl i Aurland som skulle ha konstruert den. Å skilja kornet frå halmen kalla dei å berja.
Nedberge ved starten av krigen av aurland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.