Sidemeny+

Murar etter sel på gamle Balestrandstølen

Posted on 1. jan 2003 by in Jordbruk

Biletet syner murane etter eit gammalt sel som står på gamle Balestrandstølen i Langedalen.

Plassering i kart

Selet var, etter forholda som rådde då, nokså stort. Midt på biletet ser ein døropninga. Johs. Fjærestad står og beundrar det folk i gamle tider bygde berre med spade og spett. For eit slit det må ha vore. Alt vart gjort for å utnytta fjellbeita til dyra best mogleg, og såleis livberga seg så godt ein kunne.

CC BY-NC 4.0 Murar etter sel på gamle Balestrandstølen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.