Sidemeny+

Litle Færøy

Posted on 1. jan 2003 by in Ymse

Tidsriktig husmannsmiljø frå 1900 talet med utedo, trebåtar og tjørelukt.

Plassering i kart

100 år tilbake i tid !
Kan du tenkje deg å stoppe opp litt i din travle kvardag ? Skru klokka 100 år tilbake og puste i frisk salt sjøluft ? Høyre bylgjene spele seg mot eit tjørebreidd furuskrog og segl som blafrar i vinden ? Bruke musklane på seige åretak, stå grytideleg opp om morgonen og trekke garn ? Ete godt krydra fersk fisk- steikt på bål, samt sitte i einsemd på ein trekkfull utedo og tenkje over godene i livet ? Ja, då er absolutt Litle Færøy rette staden for deg.

Drift
Litle Færøyna er eigd og vert driven av eit ikkje kommersielt partslag på seks personar. På Litle Færøy er har dei teke mål av seg å gjenskape eit tidsriktig strandsitjarplass (husmannsmiljø) frå førindustriell tid, ca. 1900 talet.

Årer og segl
Båtane er sett i sentrum på Litle Færøy. Her finn du heile bruksbåtfamilien frå ein liten Færing på 14 fot til ein stor gavlbåt på 31 fot. I nausta her finn du færing, seksering, åttering, laderomsbåt, notgavlbåt og Åfjordsfiring.
Ikkje mist motet, du slepp å ro heile tida.
Dei fleste båtane er utstyrt med segl.

Opplevinga i sentrum
Når du vitjar Litle Færøy som elev, student eller turist er det opplevinga og deltakinga som vert sett i sentrum. Partslaget som driv plassen, har som pedagogisk målsetting at du skal oppleve natur og kultur på nært hald. Du skal sjølv få høve til å oppleve kvardagen og livsforma til Sulingen på 1900 talet.

Rettleiarar
Roar og dei andre som driv staden kallar seg «rettleiarar» i enkelt naturleg friluftsliv. Dei ynskjer at besøkande skal få innsyn og inspirasjon til å forstå andre og enklare levemåtar enn dei vi har til dagen.

Utedo
I og med at ein freistar å restaurere strandsitjarplassen til å vere mest mogleg tidsriktig og opplevinga av miljøet på den tida er viktig – må du rekne med å bruke utedo, liggje i telt, lage enkle måltid ved bålet, vere mykje på sjøen og ute.

Opphald på Litle Færøy
Opphald og besøk etter avtale: Litle Færøy er ikkje i kontinuerleg drift. Du er hjarteleg velkomen til å vitje Litle Færøy som elev, student eller tilfeldig besøkande. Fleire klassar frå barneskular, ungdomsskular, vidaregåande skular, folkehøgskular og høgskular har delteke på kurs her.

Ro og segleferie
I samarbeid med Jensbua vil Litle Færøy prøve å utvikle ein type ro og seglferie med tradisjonelle vestlandsbåtar. Meir om dette vil du etter kvart finne på internettsidene til Jensbua.

Sommarleirskule for born
I nokre år har Roar og dei andre rettleiarane på Litle Færøy planar om å lage eit dagsopplegg for born på måndagar. Her vil du kunne melde deg på på impuls – kort varsel. Ta turen med dei lokale båterutene om morgonen, oppleve båtlivet på 1900- talet og reise heim att til 2003 om ettermiddagen.

Kontakt på Litle Færøy er dagleg leiar:
Roar Moe Tlf: 577 86953 eller
Roar Moe , Solund kommune 57787200

Historia om Litle Færøy:
Laftahuset på Litle Færøy vart i 1864 flytta frå Lærdal i Sogn til Solund. Det er ikkje kjend, for dei som driv Litle Færøy i dag, kven som flytta huset hit. Dette var også truleg fyrste busetnad her.

Naustet brant i 1912 og vart bygd opp att i 1914.
Litle Færøy var husmannsplass under garden i Stokkevågen.
Litle Færøy hadde lyng og torvrett i Stokkevågen.

På det meste budde det 11 menneske på øya. Olai Olsen hadde kone og 9 born. Familien hans var den siste som budde og dreiv garden her.
Dei flytta frå øya i 1936. Nokre av sønene til Olai budde her fram til 1964, då plassen vart endeleg fråflytta.

På det meste hadde Olai Olsen 2 kyr og 20 sauer. Omkringliggjande øyar vart nytta til beiteområde. Husmannsplassen vart driven i kombinasjon med fiske, noko som var typisk for gardane her omkring.

I 1991 vart plassen overteke av eit ikkje kommersielt partslag med seks partseigarar.

CC BY-NC 4.0 Litle Færøy av freddyi@tiscali.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Kommune: Litle Færøy