Sidemeny+

Kultivering i Utladalen

Posted on 1. jan 2003 by in Ymse

Avdal gard har vore utgangspunkt og sentrum i kultiveringsarbeidet. Foto:Odd Einar Frosta, mai 2003

Frå sommaren 1991 har det gått føre seg eit omfattande kultiveringsarbeid i heimre delen av Utladalen. Arbeidet omfattar gardane Skåri, Avdal med Hagaberg og Vetti.Samarbeidspartnerar har vore Årdal Turlag, Årdal kommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Naturoppsynet for Jotunheimen Nasjonalpark.

Plassering i kart

Oppstarten
Det heile starta i mai 1991, då Årdal Turlag byrja restaureringsarbeid
i Avdalen. Ein iherdig dugnadsgjeng sette i gang med å vøla dei ymse husa på garden. Etter kvart forstod ein at arbeidet kravde hjelp frå fleire hald om det skulle kunna fullførast. Ikkje minst vart det eit økonomisk spørsmål.

Samarbeid
Fleire melde si interesse for dette prosjektet, som etter kvart vart omfatta til å gjelda heile heimre delen av Utladalen. I tillegg til Avdal vart ogå gardane Skåri og Vetti inkluderte. Prosjektet skulle i tillegg til restaurering av hus også omfatta landskapsskjøtsel.

Resultat
I dag er det meste av bygningsmassen i området intakt, og det vert drive organisert skjøtsel av studentar innan landbruk/naturvern.
Landskapet som var i ferd med å gro att, ligg i dag tilgjengeleg for folk som i stadig større massar strøymer til dalen.

CC BY-NC 4.0 Kultivering i Utladalen av rolf.breisnes@sf-f.kommune.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Forfattar: Rolf Breisnes