Sidemeny+

Kråkestølen – fjellstølen til husmennene på ytre Nesse

Posted on 1. jan 2003 by in Jordbruk

Kråkestølen var fjellstølen til husmennene på ytre Nesse. Selet som står tilhøyrde bruk nr. 2. Restane av selet som tilhøyrde bruk nr. 1 er til høgre.

Plassering i kart

Olav B. Nesse, Norveig Nesse og Gyda Nesse var på tur opp til Kråkestølen ein gong i 1950-åra. Olav B. gjekk føre, og då dei kom til Guroselet, det siste som stod, ropte han inn for moro skuld: «Er du der Guro?» «Ja», svara det inne.
Det synte seg at det var ein kar som hadde rømt frå Tronvik som svara. Han hadde gått over fjellet ned til Maurvollen, teke seg inn i selet og teke med seg panner, mjøl o.a. Det var ikkje vanskar med å få han med heim. Han vart sendt med båten utatt til Kyrkjebø og Tronvik.

CC BY-NC 4.0 Kråkestølen – fjellstølen til husmennene på ytre Nesse av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.