Historie
Som dei ulike funne viser, har det vore fast busetjing i Aurland gjennom fleire tusen år.
Plassering i kart
Etter den mest omfattande nybrottsperioden i det 4. hundreåret steig folketalet jamt. Gardane i eldre jernalder var store både i omfang og folketal, og ofte budde det opp til 80 menneske i kvart gardssamfunn. I yngre jernalder skjedde eit omskifte til mindre gardsbruk drive av einskildfamiliar (Fett 1954). Svært mange aurlendingar flytte dessutan til Vesterhavsøyane, særleg Island.
I vikingtida var det fleire mektige ætter i Aurland. Aurlandsætta hadde ein sterk posisjon like fram til svartedauden i 1349-50. Denne pesten herja hardt i Aurland med tilnærma oppløysing av det tidlegare organiserte samfunnet. Ei segn seier at det berre levde att 7 menneske i hovudsokni. Før svartedauden budde kring 1400 menneske på over 50 gardar i Aurland, så seint som i 1522 var det berre 350 menneske på kring 20 gardar. Folketalet auka snøgt til kring år 1700. Mange var rydningsmenn og braut opp både gamalt og nytt jordbruksland, også skogen vart stelt. Dyrkingsreidskapa var helst enkle hakkereidskap og spadar. På denne tida var det og markert innvandring av arbeidsfolk frå Valdres og Hallingdal, fjellbygder som hadde det vel så trongt som fjordbygdene (Ohnstad 1962).
Talet på sjølvstendige bruk minka sterkt på 1700-talet. Folkeauken gjorde at eigedomslause grupper voks, m.a. er framveksten av husmannsvesenet markert. Dei fleste var likevel knytte til jordbruk på eit vis som driftekarar, drengar, tømmermenn o.l., berre 1 av 50 dreiv med handel (Ohnstad 1962). Utvandringa frå Aurland til Amerika i 19. hundreåret var markert, folketalet i Aurland vart redusert med kring 700 i bolken mellom 1845 og 1876. Berre frå gardane kring Nærøyfjorden der det budde kring 300 menneske, flytte det i 1849 ut 94 personar (Ohnstad 1985).
Historie av aurland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.