Hesteslåmaskin på Maurvoll
Biletet er teke på Maurvoll, heimestølen til gard nr. 81 br.nr. 2, ytre Nesse. Over Hesten er Hovden og heilt til venstre er husa på Brennset.
Plassering i kart
Øystein L. Sande sit på slåmaskina. Lengst til venstre står Bjarne Nesse. Han budde i Hestviki. Ein dreng sliper ljåen. Dei andre er truleg tenestefolk. Hesten er ein dølahest.
Gjertrud Sande døydde i 1915 og slåmaskina vart kjøpt medan ho levde, difor er biletet datert til kring 1910.
Hesteslåmaskin på Maurvoll av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.