Frondalen
I Aurland har og dalar spelt ein viktig rolle. Dalføra i Aurland har til alle tider utgjort sentrale ferdselsleier både mellom aust/vest og nord/sør (Aall 1937).
Plassering i kart
Ferdslevegar i fjellet
Tverrsambandet mellom Voss, Aurland og Lærdal var ein av dei viktigaste rutene. Sommarstid var denne vegen godt farbar, men kunne vere svært vanskeleg og farleg seinhaustes og om vinteren.
Kong Sverre og Birkebeinarane
Sverre Sigurdson med birkebeinarane tok denne ruta over mot Voss i slutten av oktober 1177, men vart tvinga attende same vegen som dei kom. På turen attende rauk herfylgjet ut for uver i fjellet mellom Voss og Aurland der mange fraus ihel eller datt utfor berghamrar. Sverre fekk heller ikkje låne båtar i Aurland og måtte på ny ut i uveret over fjellet til Lærdal.
Frondalen av aurland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.