Framfor selet på Kaldosstølen
Familiane Gjerde og Colleander på Kaldosstølen i 1945. Dei to budeiene Janna Bjelde og Ingebjørg Nese er også med på biletet. Selet på Kaldosstølen stod mellom Langedalsvatnet og Kaldosvatnet. I dag er det vekke. Lars Halvard Ese har sett opp ny hytte på selbøen over.
Plassering i kart
Sommaren 1945 var Randi Gjerde, Turid Gjerde, Lars Gjerde, budeiene Valborg Vamråk og Ingebjørg Nese samt snikkaren Eivind Sjøthun på Kaldosstølen.
I Langedalen var det om lag 100 geiter, 60 sauer og lam, 15 mjølkekyr, 20 ungfe, to avlsuksar og ein hest. Varene vart rodde til og frå på vatna ned mot Novi, og derifrå med taubane opp og ned til Høyanger. Mellom vatna vart varene køyrt med hest og slede.
Frå Murhellerdalen rann ei lita elv tett forbi selet. Ho vart demt opp til eit lite vatn med ei sluse som førte vatnet til kvernkallen under selet. Denne dreiv separatoren og ostegrytene. Det var to eldstader med to gryter.
Det var torvmyrar ved selbøen og bjørkekratt ved Kaldosvatnet. Så det var rikeleg med brensel. Rundt selet var det store moltemyrar og mykje molter. Fuglelivet var eit fint syn. Oppe ved Agatastølsvatnet var det mange fjellryper å sjå langs vegen. Ved Kaldosvatnet var det mange liryper med store kull. Dei gøymde seg i bjørkekrattet.
Langavatnet var fint med mange vikar, store djup og fine sandgrunnar. Osen var lang med fin sandgrunn. Der vassa kyrene over. Ei geit som hadde stått på bås med kyrene følgde etter desse. Ho sumde over. Midt på vatnet var det ei smal sandgrunne der dei vassa over.
Det vart fiska mykje i Langavatnet. Når ein sette to garn kunne ein få middag til dei fem-seks personane som var på stølen. Fisken var stor og fin. Øvste enden av vatnet var svært djupt med to store skjer rett under vassyta. Så der sat det alltid nokon framme i båten på utkik etter dei. Den flate båten kunne setja seg fast på skjeret. Noko som skal ha hendt i ei gong i tida. Midt på vatnet var det så vidt båten flaut over sandgrunnen. Dei to garna vart bundne saman og sette tvers over vatnet, festa på land på begge sider. Ei natt då garna var sette vart det torevêr så lyna lyste opp fjella og dalen. Om morgonen var det 26 store aurar i garna. Det var også fisk i Blåavatnet, men dei var små.
Det var svært godt beite for dyra her. Nede ved Kaldosen voks det enggras. Oppe i dalen bladsmil og rundsmil. Til høgare opp di ferskare var graset. Geitene beita ikkje nede i Langedalen, men for over fjella til høgare strok. Sauene beita i Norddalen og storfeet ved Langavatnet. Ungfeet heldt til ved Langavatnet og Stølsvatnet. Midt ved Langavatnet var muren som møtte storfeet. På sørsida møtte hamrar, murar og tunnelutbygging på Stølsvatnet. Ved Hardbakkavatnet-Uravatnet (Galden) var muren som møtte storfeet oppover fjellet.
Ein dag var Svarta borte. Lars Gjerde leita over alt ei heil veke, men ingen Svarta var å sjå. Ein dag smurde han seg eit halvt brød til niste og drog på heimvegen. Oppe ved muren stod Svarta og det var tydeleg at ho hadde stått der i mange dagar.
Bufor heim frå stølen
Sauene måtte dei hente heim i midten av september månad. Det var i plommehaustinga og det var ofte fint vêr heime. Geitene vart henta i månadsskiftet september-oktober. Dei kunne lettare gå i nysnøen over fjellet. Ein haust kom snøen for fullt og geitene kunne ikkje kome over fjellet. Turen vart lagt over fjellet til Lånefjorden og derifrå langs fjorden. Den gongen var det ikkje veg til Nessane, så det vart ein lang og slitsam veg.
Mjølkekyrene og ungfeet vart henta av mange folk frå Balestrand. Alf Lee var med og spela på hornet. Han spelte m.a. «Oss har gjort kva gjerast skulle, ysta ost og kinna smør. No stend att å klyvja øykjen, setja lås for seterdør.»
Kari Gjerde var også med på denne buferda. Ho skulle leia Svarta heim. Fram gjennom Langedalen var dyra svært urolege. Opp Galden var det berre ei smal rekkje for eit dyr. Her måtte ein jage eitt dyr om gongen. Uravatnet, Langekrene og Sauasvardalen vart passert. Der sumde heile flokken over vatnet i samla flokk, og geita med. Vidare gjekk turen opp bratte fonna utan problem, så over Munkegga, langs Styggavatnet, Spenane, Raudmelen og ned på Fjærestad. Over Spenafjella måtte også eitt og eitt dyr gå. Det vart ei lang reise heim frå Langedalen den hausten.
Det som er skrive her er om året 1945. Det var siste året det var stølsdrift på Kaldosstølen.
Framfor selet på Kaldosstølen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.