Sidemeny+

Fitjestølen

Posted on 1. jan 2003 by in Jordbruk

Foto: Runar Bergheimcbn

Fitjestølen

Fitjestøylen (sommarstøl) ligg ca. 382 m o.h. Stølen ligg på ei flate i indre enden av Langedalsvatnet. Det var gnr. 5, Fitje indre, og gnr. 6, Fitje ytre, som bruka stølen. Det vart slutt med tradisjonell stølsdrift i 1949.

Plassering i kart

Stølen
Fitjestølen er stølen til gardane Indre- og Ytre Fitje. Stølsdrifta er nedlagt, men sauehaldet held dei nære beiteområda kring stølen i hevd.
Medan innmarka til bruka på Fitjegardane vart skift allereie tidleg og på midten av 1900 talet vart stølsmarka aldri skift – noko som gjer til at ein framleis har ein svært kompleks eigedomsstruktur på stølsvollen.

Byggeskikken på stølen er for ein stor del oppretthalden, men det har kome til ein bygning med kraftig hyttepreg som ikkje harmonerar fullstendig med resten av stølsoppsettet.

CC BY-NC 4.0 Fitjestølen av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen. 2003
Kommune: Fitjestølen