Sidemeny+

Fagredalen

Posted on 1. jan 2003 by in Jordbruk

Foto: Svein Hjelmeset -02.cbn

Myrane like vest for Fagredalsvatnet.

Fagredalen ligg 975 moh mot grensa til Jølster. For å kome dit kan du følgje tur nr 41 frå Sandane eller tur nr 56 frå Gjengedalsstøylen. Det ligg eit fint fiskevatn i dalen og plantelivet er variert med mange kalk-krevjande vekstar. Du har utsikt mot Gjengedalen. Rundt vatnet er det og mange fine parti.

Plassering i kart

Om turen Går du frå Sandane, kan du køyre litt forbi Veslevatnet. Dit kjem du ved å svinge til venstre etter brua ved SFE i Bukta. Derifrå går du over Inste Skaret og ned til Langedalsvatnet og langs dette. I enden av vatnet ligg Fitjestøylen. Litt innanfor vatnet startar ei bratt oppstigning og etter kvart kjem du til Stoda. På flatene før Stoda ligg ei gammal gjetarhytte. I Granekupa er det ei hytte ved eit fiskevatn. Når du kjem til Fagredalsreset, tek du til venstre og kjem etter kort tid inn i Fagredalen. Du må sette av heile dagen til denne turen. Går du frå Gjengedalsstøylen, føl du vatnet på nordsida og kjem omsider til Måsevatnet. Dette vatnet går du også til endes. Det vert tung oppstigning til Fagredalen. Plantar, dyr og fuglar Inne i dette området finst det ein del kalkrik berggrunn som gjev næring til blomster som elles er sjeldne i Gloppen. Berre Svarthammaren ved Svinestranda har liknande flora. Den planten som kanskje går mest att er fjellfrøstjerna. Tuesildre, snøsildre, snøsøte, reinrose, snøbakkestjerne, bjønnbrodd, marinøkkel og fjellsnelle kan ein finne her. Snøspurven legg reira sine godt under ei steinhelle. Steinskvett, rype og heilo vil du også kunne sjå på turen. Er du heldig vil kongeørna segle over deg. Utanom beitande sauer, kan du få eit glimt av røysekatten. I vatnet kan du få stor fisk om du er heldig.

CC BY-NC 4.0 Fagredalen av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen. 2003
Kommune: Fagredalen