Sidemeny+

Den gamle kyrkjegarden på Hyllestad

Posted on 1. jan 2003 by in Kulturarv

Den gamle Hyllestad kyrkje låg på garden Hyllestad på flata bak gardstunet nedanfor Kyrkjefjellet. Kyrkja vart truleg bygd omkring 1600.

Plassering i kart

Det var ei timra langkyrkje, laftkyrkje. Ho var nokså lita, utvendig bordkledd og tjørebreidd, innvendig umalt med strekkfiskar på veggene. På alteret stod den katekismetavla som no heng på veggen i nyekyrkja. Det gamle døypefatet av stein og står no under preikestolen i nyekyrkja.

Kyrkja vart riven og seld på auksjon i 1880. Den var enno god, men var vorten for liten. Der var sitteplassar for 115 personar, men etter lova av 1851 skulle det vere rom for 250.

Nyare murar er sett opp og viser kor kyrkja stod. I hjørna av kyrkjegarden står framleis steinkrossane frå gammal tid.

CC BY-NC 4.0 Den gamle kyrkjegarden på Hyllestad av liv.berit.berge@hyllestad.kommune.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.