Sidemeny+

Blådalen

Posted on 1. jan 2003 by in Jordbruk

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Blådalen sett frå Blådalsrenden

Blådalen, 775 moh, høyrer til austre delen av Gjengedalen mot Jølster. Du kan gå frå Gjengedalsstøylen, tur 56 på turkart over Gloppen, Sandane (tur nr 41) eller frå Årdal i Jølster. Langevasshytta er ei stor og fin overnattingshytte på Jølstrasida. Fin ørret i vatnet. Sjå meir om vatnet her.

Plassering i kart

Om turen Går du turen frå Jølster, Sandane eller Gjengedalen, blir det ein lang tur. Frå Sandane kan du køyre litt forbi Veslevatnet (bomveg). Det er sti innover til Fitjestøylen. Dette er base for den årvisse sauesankinga som bøndene i Bukta er med på. Frå enden av vatnet vert stien brattare etter kvart. Opp Stoda til Grankupa er det ganske tung stigning. Her ligg det ei hytte attmed eit lite fiskevatn. Det er fleire vatn vestover frå denne hytta. Ny bratt stigning frå hytta til Fagredalsreset. Er du på tur i september, kan du møte hjortejegerar frå Hyen i dette området. Vidare passerer du vest for Fagredalen og det går unnabakka. For å kome seg til Blådalen, må du over eit forholdsvis bratt høgdedrag. Både nedanfor Fagredalen og i sjølve Blådalen er det sett i stand to gjetarbuer. Det går ann å overnatte i desse. I Blådalen føler du at du er langt borte frå folk. Det er heller ikkje mobildekning i dette området. Ser du mot fjellsidene mot nord, ser du ein raud flekk av raudberglav. Dette er ein indikator på rovfugl eller kalkrikt berg. Går du turen frå Gjengedalen, må du gå langs Gjengedalsvatnet eller få båtskyss. Vidare vert det å gå i tildels tunge myrar til du har passert Måsevatnet. Det kan vere bra fisk å få i dette vatnet. Til slutt vert det bratt oppstigning til Blådalen etter at du har kryssa elva. I Blådalsvatnet er det stor fisk (sjå bilde), man han er vanskeleg å få? Herifrå kan du gå vidare til Jølster. Etter ca ein times gange er du ved Langevasshytta som du kan overnatte i. Plantar, dyr og fuglar Også her er det rikt planteliv pga kalkrik grunn. Fjellfrøstjerna ser du overalt i fjellsidene rundt. Grønkurle, snøbakkestjerne, fjelldronning, bergveronika, kvann, fjellsnelle, moselyng og mange fleire sortar. Rein og hjort kan streife i området, og det er sauer som går på beite. Røysekatten treffer du av og til på. Både kongeørn og falk kan ein sjå i Blådalen, men dei streifar vidt.

CC BY-NC 4.0 Blådalen av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset, Gloppen. 2003
Kommune: Blådalen