Sidemeny+

Avdal gard i Utladalen

Posted on 1. jan 2003 by in Bygning, anlegg og arkitektur

Laurdag 21.06.2003 var det mykje besøk i Avdalen Foto: P.A. Løvdahl, 2003

Avdal gard – i dag turisthytte. Garden var i drift fram til oktober 1962. På grunn av ureining frå aluminiumsverket i Øvre Årdal blei vegitasjonen øydelagd. Dette gjorde at husdyra fekk fluorskadar. Med godt reinseutstyr ved aluminiumsverket er utsleppa i dag minimale, og ein har i dag igjen dyr på garden om sommaren.

Plassering i kart

Avdal gard i Utladalen

Avdal gard var i drift frå kring 1798 og fram til oktober 1962. Då blei garden fråflytta på grunn av fluorutslepp frå aluminiumsfabrikken i Øvre Årdal. Garden blei til forfall, og i 1991 starta Årdal Turlag med å restaurere han. Dei har fått opp att husa, og i tillegg lafta ny låve, turkestove og fjøs. Kvernhuset er lafta opp att av gamalt tømmer.

Skjøtsel

I dag driv driv forskjellige aktørar under Stiftinga Utladalen Naturhus skjøtsel av kulturmarker både i Avdalen, Vetti og under Skåri. Om sommaren arbeider kring åtte studentar med slått og ettersyn av geiter og sauer. Alt dette arbeidet skjer i samarbeid med Årdal Turlag, grunneigarar, Årdal Reiselivslag, Fylkesmannen og Statens Naturoppsyn.

Samarbeid

Då ein starta restaureringa av Avdal gard sommaren 1991, gav dette ein ny giv for å få tilbake kulturmarkene ved bruka Vetti, Hagaberg og Skåri. Såleis blei Stiftinga Utladalen Naturhus ei ny eining i landskapsvernområdet. Stiftinga restaurerte og laga utstillingslokale i løa, og samstundes fekk hovudhuset ei restaurering, der ein i dag har kafedrift om sommaren. Alle søknader om midlar m.m. blir no koordinerte gjennom Stiftinga Utladalen Naturhus.

CC BY-NC 4.0 Avdal gard i Utladalen av lovdahl@online.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Forfattar: Petter Arnt Løvdahl